Merksemda omkring det store problemet denne forureininga utgjer, er heldigvis aukande.

Lokalt legg reinhaldsselskapa på Sunnmøre til rette for ein ryddedugnad langs strendene og ei vandreutstilling på biblioteka om plastforsøpling. Ein liten kampanje i det store havet av plastsøppel kanskje, men den set fingeren på noko viktig – vårt eige personlege ansvar.

Kvart år hamnar meir enn åtte millionar tonn med plastavfall i havet, og gjer stor skade på det marine økosystemet. Vi produserer no 20 gongar så mykje plast som vi gjorde på 60-talet. Om vi held fram som no, blir det hevda at det om eit knapt kvart hundreår vil ha meir plast enn fisk i verdshava.

Infrastrukturen for innsamling og resirkulering av plast må byggast opp og styrkast, og kvar og ein av oss må i tillegg ta vårt ansvar. Det kan vi gjere med å verte flinkare til å kjeldesortere plast eller ved å delta i ryddedugnader, slik som det no er teke initiativet til på Sunnmøre.

Det aller viktigaste vi kan gjere er likevel å vere kravstore forbrukarar på miljøet sine vegner. Slik kan vi vere med på å presse industrien. Det er ikkje industrien sin gode vilje, men forbrukarmakt som dei seinare åra har fjerna produkt med palmeolje eller egg frå burhøns ut av norske butikkhyller.

Vi har alle ansvar for å ta vare miljøet på denne kloden, og først når kvar enkelt av oss tar dette ansvaret – gjennom små daglege val og handlingar, vil vi sjå resultat som monnar.