Meir enn 20 år er gått sidan beredskapen i Norge vart gjennomgått samla. 20 år er lang tid i eit samfunn som forandrar seg fort.

Tida er overmoden for å gjere det igjen.

Terror, pandemi, cyberangrep, flyktningkrise og ekstremvêr har dei siste to tiåra vist at vi ikkje har vore godt nok førebudd. Kommisjonen som regjeringa no har sett ned, får derfor ei svært viktig oppgåve.

Tidlegare forsvarssjef Harald Sunde er sett til å leie kommisjonen som skal gi råd om korleis dei samla beredskapsressursane kan utnyttast best mogeleg.

Meir enn 20 år etter Sårbarhetsutvalet, leia av Kåre Willoch, gjorde tilsvarande.

I løpet av dei 20 åra vi hatt tsunamikatastrofen, 22. juli-terroren, orkanar som «Dagmar» og «Tor», storflaumar og ein pandemi som har sett landet i «unntakstilstand» i snart to år.

Slike dramatiske hendingar har vist verdien av god beredskap – og prisen vi må betale når den er dårleg. Sjølv når krisa er eit venta og varsla scenario, ser vi at det sviktar.

Ved 22. juli-terroren var det «ressursene som ikke fant hverandre».

Under fleire ekstremvêr, som då «Dagmar» trefte kysten i 2011, har telefon- og naudnett knelt då behovet var mest akutt. Og pandemi-våren 2020 mangla vi livsviktig smittevernutstyr og intensivkapasitet ved sjukehusa.

Arbeid med beredskap tar aldri tar slutt. Slikt arbeid blir då gjerne gjort etter at svakheiter blir avdekt ved enkelthendingar, slik som dei Gjørv-kommisjonen påviste etter 22. juli-terroren.

For kvar etat er styrking av beredskapen også ein del av det daglege arbeidet.

I eit stadig meir komplekst samfunn som er meir og meir avhengig samhandling på tvers, er likevel ikkje dette nok. Same kor godt kvar enkelt førebur seg, har vi ingen garanti for at det fungerer saman.

Ny teknologi sitt inntog gjer oss samtidig meir sårbare, både for medvitne angrep, ulykker og naturkrefter. Det er heilt nødvendig å nærme seg dette på ein breiare front.

Særleg viktig ser vi dette der privat næringsliv og offentleg sektor må samvirke.

Situasjonen til sykkylvs-bedrifta Innovern AS er eitt konkret døme. Her starta dei produksjon av munnbind etter at forsyningskjedene for smittevernutstyr braut saman i 2020. I dag står dei framfor uviss skjebne.

Utan at styresmaktene tar grep for å sikre innanlandsk produksjon av smittevernutstyr, er vi like avhengige av leveransar frå Kina neste gong det smell.

Kanskje må vi betale litt meir.

Beredskap kostar, men på same måte som vi brannsikrar heimen vår og forsikrar den, har vi igjen for det når vi står i ei krise.