Dyrebestandane har minka med gjennomsnittleg 69 prosent sidan 1970, ifølge ny rapport frå WWF, Verdas Naturfond. Rapporten bør utløyse alarm, fordi den viser at vi er i ferd med å øydelegge vårt eige livsgrunnlag.

Naturen er så intelligent laga at den forsyner oss med alt vi treng for å leve; mat, vatn, luft og energi. Alle artane i det finstemte økosystemet har sin eigen verdi. Dersom natur går tapt, vil det til slutt gå utover vår evne til å overleve. Derfor er det avgjerande at vi klarer å snu denne utviklinga, og det er framleis mogleg.

Forskarar over heile verda har overvaka 32.000 dyrebestandar. Datagrunnlaget i årets Living Planet Report er det mest omfattande nokon gong, og den omfattar bestandar av fiskar, fuglar, krypdyr, amfibier og pattedyr.

Det er dyrebestandane i Latin-Amerika og Karibia som har hatt den største tilbakegangen med heile 94 prosent i denne perioden. I Europa er tilbakegangen langt mindre, men det kan ha samanheng med at mykje av naturen var øydelagt før 1979, då målingane tok til. Tap av natur er noko som vedkjem oss alle, også i vårt område.

Lundefuglen er ein av artane i vårt område som står på raudlista. Lundefuglen hekkar i sjøfuglkoloniar langs kysten frå Rogaland til Finnmark, og vi kjenner den frå fuglefjellet på Runde. Tal frå WWF viser at bestanden på Runde gjekk tilbake med om lag 53 prosent i perioden frå 1980 til 2019. Årsakene kan vere manglande næringstilgang på grunn av overfiske, klimaeffektar, forureining og fuglar som druknar i attgløymde fiskereiskap. Plastforsøpling i havet påfører fuglane store lidingar, fordi dei forvekslar plast med mat eller surrar seg inn i plastgarn. Millionar av sjøfugl er blitt skadde eller har mista livet på grunn av dette.

Løysinga på krisa er at vi sluttar å bruke opp naturen. Så enkelt, og likevel så vanskeleg

Når dyreartar forsvinn, har det samanheng med at vi menneske tek for stor plass og for lite omsyn til naturen. Som forbrukarar kan vi bidra ved å bruke mindre, og gjenbruke meir av ressursane. Løysinga på krisa er at vi sluttar å bruke opp naturen. Så enkelt, og likevel så vanskeleg.

Det er behov for ein global handlingsplan for naturmangfald, på same måte som vi har ein global klimaplan med Parisavtalen. Det trengst fleire landskapsvernområde, naturreservat på land og tiltak for å fjerne plastforureininga i havet for å nemne noko. Eit stort FN-møte om bevaring av natur skal arrangerast i Montreal i Canada i desember i år, og då blir nettopp dette tema.