Meir enn 150.000 står no utan fastlege. Talet har snart tredobla seg på tre år. Snur vi ikkje denne trenden snart, vil fastlegekrisa bite seg fast i stadig fleire kommunar.

Tilbake står overarbeidde legar og pasientar som ikkje får eit forsvarleg helsetilbod.

Små kommunar i distrikts-Norge blir taparane igjen.

I tillegg til dei mange som faktisk står utan fastlege, er det mange som har fastlege berre på papiret. Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal fortel i si årsmelding at mange i staden møter stadig nye fastlegevikarar.

Enkelte stadar står det også fastlegelister utan vikarar.

Ombodet er særleg uroleg for at manglande kontinuitet kan føre til at sjukdommar får utvikle seg for lenge før det vert oppdaga. Det nasjonale Pasient- og brukarombodet fryktar for pasienttryggleiken i mange kommunar.

Utviklinga er urovekkjande. Trass i at retninga har vore klar i mange år, ser kursen ut til å vere like vanskeleg å endre som på ein fullasta supertankar.

Mangelen på fastlegar aukar månad for månad.

Solberg-regjeringa la fram ein handlingsplan våren 2020, men effekten har vore for dårleg. Støre-regjeringa løyvd pengar til dei kommunane som slit mest, men har enno ikkje funne fram dei store pengane for å auke basistilskotet.

Og her er problemet. Ordninga er kronisk underfinansiert. Utan eit betydeleg økonomisk løft vil stadig fleire legar søkje seg bort frå ordninga, og færre nyutdanna vil la seg friste inn i den.

Legar vil også leve vanlege liv ved sidan av yrket. Og så dei vil ha tid til familie og fritid.

Og det er ikkje fordi legar er grådige.

Legar vil også leve vanlege liv ved sidan av yrket. Også dei vil ha tid til familie og fritid. I dag blir dei slitne mellom lojalitet til sine pasientar og omsynet til seg sjølv og sine nære i arbeidsveker langt over det normale.

Fastlegeordninga er ein grunnmur i primærhelsetenesta. Årleg har fastlegane rundt 15 millionar konsultasjonar. Når den fungerer, gir ordninga tryggleik og helsegevinst til pasientane og ein økonomisk gevinst for samfunnet.

Desse gevinstane må vi ikkje la gå tapt.

Raknar ordninga meir no, vil det gå ut over prinsippet om lik tilgang til gode helsetenester for heile befolkninga. Presset på spesialisthelsetenesta vil auke, og det førebyggjande helsearbeidet vil bli dårlegare.

Og det er alltid dyrare å behandle sjukdom enn å førebyggje.

Ingen parti på Stortinget er imot å styrke fastlegeordninga. For å vise at det er alvor, må vi no snart sjå at der er vilje til å gjere noko med det.

Då må dei store pengane på bordet.

Gjer det ikkje det, kan dette bli dyrt til slutt.