Onsdag måtte E136 mellom Åndalsnes og Bjorli stenge på grunn av dårleg vêr og dårlege køyreforhold. Torsdag formiddag skjedde det igjen.

Eit utanlandsk vogntog stod fast.

Det er ikkje første gong denne vinteren dette skjer. Det skjer gong på gong, kvar vinter. Samstundes får vi altså vite at oppgradering av vegen heller ikkje i år blir kjem ut på anbod.

E 136 er hovudfartsåra mellom Møre og Romsdal og Austlandet, og utan samanlikning den viktigaste for næringslivet i fylket. Kvart døgn går det rundt 500 vogntog gjennom Romsdalen.

Strekninga held på ingen måte ein standard i samsvar med dette.

I mange år har det vore ei kampsak for næringsliv og politikarar i store delar av fylket å få rusta opp denne vegen.

I fjor vår vart det gjort politisk vedtak om å overføre prosjektet til Nye Veier AS. Denne veka varsla selskapet om sju nye prosjekt som vil bli lyst ut på anbod.

E 136 Vikebukt – Dombås var ikkje mellom dei.

Det var heller ikkje mogleg.

Statens vegvesen har nemleg ikkje gitt frå seg dokument og planar for prosjektet. Dette vart det gitt stoppordre for i november. Stortingsrepresentant Helge Orten (H) spør samferdselsministeren om kven som gav toppordren.

Det er eit sabla godt spørsmål.

Er det ein ordre frå politisk hald eller er det uvilje eller praktisk plunder og heft i byråkratiet? Uansett svar så er resultatet alvorleg: Strekninga kjem heller ikkje i 2022 ut på anbod.

Det kunne den ha gjort om stoppordren ikkje var gitt.

Mellom dei sju nye prosjekta frå Nye Vegar ligg E 6 Sørelva – Borkamo på Saltfjellet. E 136 i Romsdal toler godt samanlikning med dette, sjølv om reguleringa er kome litt kortare. Også i Romsdal er der gryteklare strekningar.

Både E136 i Romsdal og E6 ved Saltfjellet vart vedtatt overført til Nye Veier i fjor. Statens vegvesen fekk beskjed frå Regjeringa i september. I januar varsla altså Nye Veier at anbodet for E6 kjem ut i år.

Først no har Statens vegvesen bestemt at dokumenta for E 136 skal sendast over.

Forseinkinga blir forklart med manglande avklaring om drifts-, vedlikehaldsansvar og juridisk ansvar. Slikt må sjølvsagt avklarast, men det forklarer ikkje kvifor Statens vegvesen rugar på dokumenta til det er gjort.

Det er bestemt politisk at prosjektet skal overførast. Det må vegvesenet rette seg etter.

Avklaring på kven som skal ha ansvar for asfaltering, brøyte vegen eller setje ned vegstikker rokkar ikkje ved det.

Slike avklaringar kan skje også etter at prosjektet er overført.