Ifølge kompetansebarometeret til NHO treng 66 prosent av bedriftene i Møre og Romsdal fleire folk med yrkesfagleg bakgrunn. NHO kallar det ei vedvarande yrkesfagskrise.

Årsaka til krisa er samansett, men den er ikkje umogleg å fikse.

Ifølge Elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal sin rapport for 2021–2022 har det vore ei auke i førespurnader knytt til psykisk helse blant lærlingane. Ombodet konkluderer med at fleire treng tettare oppfølging for å fullføre utdanninga si.

Men i faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF) får yrkesfagselevar i fylket heller mindre oppfølging enn tidlegare. Dei siste åra har nemleg faglærarane fått halvert tida dei har hatt til å følgje opp elevane sine medan dei ute er i praksis.

Ikkje berre betyr det mindre oppfølging av elevane i ein viktig læringsfase i felten. For ifølge Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal har det også medført ein annan uheldig konsekvens: Skulle elevar av ulike årsaker miste praksisplassen, vil nemleg faglæraren ikkje vere tilgjengeleg for dei i undervisningslokala heller.

Om saka skriv fylkesstyremedlem Hege Henden Nørbech: «Å gjøre et så viktig fag til et sparetiltak, er som å prøve å styre ei skute uten skipper – vi kan aldri være sikker på at skuta når inn til havn».

I tillegg er det ei anna gruppe som ufortent står i yrkesfagskrisa. Det er alle som ikkje får lærlingplass. I fjor gjaldt det kvar femte søkjar i fylket vårt, og for desse er statistikken mørk. Ein SSB-rapport konkluderer nemleg med at elevar som ikkje får læreplass har dobbelt så høg risiko som andre for å ikkje kome seg i arbeid.

Å kaste såpass mykje ressursar på sjøen, er lite fornuftig i eit fylke som treng kompetanse og iver for å halde næringane flytande. For ikkje å gløyme alle skattekronene som samfunnet går glipp av når unge fell ut av arbeidslivet.

Fylkeskommunen gjer derfor lurt i å droppe sparetiltaka innan yrkesfag, medan bedriftene gjer lurt i å ta seg bryet med å hente inn fleire lærlingar. Det vil kanskje medføre litt ekstra utgifter i dag, men det er berre småpengar i forhold til kva regionen vil ha i inntening på sikt.

Men også nasjonalt kan det gjerast eit viktig grep for å fikse yrkesfagskrisa. Ikkje vil det koste stort heller. For at ungdommar i det heile tatt skal gidde å søke seg til yrkesfaga, så må det vere attraktivt.

Vår oppfatning er derfor klar: Alle som tek fagbrev burde få tilleggspoeng. Ikkje berre til fagskule, men til all utdanning. For om dei som tek seg «friår» på folkehøgskule kan få det, skal det blott berre mangle at hardtarbeidande ungdommar med fagbrev får det same.