Løgn, manipulasjon med fakta og medvite desinformasjon er eit alvorleg samfunnsproblem. Rektor ved Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund skal derfor ha ros for resolutt reaksjon då det vart spreidd bildemelding med falskt innhald mellom elevane. Falske nyheiter må møtast med fakta og nøktern informasjon.

Den falske meldinga, som var forma som eit oppslag i VG, hevda at ein lærar ved Kolvikbakken var dømt til seks år i fengsel for barneporno. Dette har ingenting med verkelegheita å gjere. Dei fleste forstod nok at meldinga var falsk, både på grunn av skrivemåte og fordi «nyheita» verken fanst på ekte i VG eller i andre redaktørstyrte medium. Likevel er det lett å bli lurt, og slike saker kan skape utryggleik.

Skuleleiinga ved Kolvikbakken har sendt brev til foreldre og prata med elevane om den falske meldinga. Det er bra. Mange skular brukar tid på opplæring i kjeldekritikk og kritisk tenking, og det har aldri vore viktigare. Alle har behov for å lære korleis dei kan bli bevisste mediebrukarar. Sjølv godt vaksne, som både har livserfaring og kunnskap om samfunnet, meiner det er vanskeleg å avsløre desinformasjon.

Sosiale medium blir styrt av algoritmar som favoriserer meldingar som skaper sterke kjensler, særleg sinne og avsky. Sidan falske meldingar gjerne spelar på slike sterke kjensler, kan dei oppnå stor spreiing, og dermed gjere stor skade.

Den såkalla «Pizza-gate» er eit forferdeleg døme på kor ille det kan gå. Edgar M. Welch gjekk inn på pizzarestauranten Comet Ping Pong i Washington DC desember 2016, og fyrte av fleire skot mot dei tilsette. Han var overtydd om at det var eit organisert pedofilt nettverk i kjellaren på pizzarestauranten, fordi han hadde lest om det på nettet. Welch reiste 500 km for å søke gjennom restauranten, men fann ingenting. Alt viste seg å vere oppspinn. Konspirasjonsteorien hadde fått stor spreiing, og den fekk tragiske konsekvensar for Welch.

Spreiing av løgner og desinformasjon kan både gjere stor skade på enkeltpersonar og bidra til å destabilisere demokratiske samfunn. I den informasjonskrigen som no går føre seg i Europa, må vi vere ekstra på vakt.

Enkelte vil forby alt som kan stemplast som konspirasjonar og falske nyheiter, men det er ei farleg løysing. I Russland er det staten som definerer kva som kan kallast falske nyheiter, og alle frie stemmer blir knebla. Vi må halde fast på pressefridomen, som sikrar både meiningsmangfald og faktasjekk.

Løgn og desinformasjon må møtast med nøkterne fakta, nettopp slik som skuleleiinga ved Kolvikbakken har vist at det kan gjerast.