Ein ny rapport frå Unicef og Verdsorganisasjonen for helse (WHO) viser at morsmjølkerstatning framleis blir marknadsført på ein uetisk og aggressiv måte i mange land. Mødrer blir overbeviste om at morsmjølk ikkje er bra nok, og det får store uheldige konsekvensar.

Ifølgje WHO får babyen livslang gevinst, ved å få brystmjølk dei første månadane, mellom anna på grunn av redusert risiko for hjarte- og karsjukdommar, fedme og diabetes seinare i livet. Morsmjølk gir dessutan barnet eit sterkt immunforsvar, og mødrer som ammar har mindre risiko for å utvikle brystkreft.

Trass alle desse fordelane, er det i dag berre 44 prosent av barn under seks månader på verdsbasis, som får morsmjølk. Det er omtrent like mange som for 20 år sidan. Samtidig har omsetninga av morsmjølkerstatning meir enn dobla seg i same periode, og dette er big business. Det blir omsett morsmjølkerstatning for rundt 500 milliardar kroner i året.

I Norge er det ikkje lov å reklame for produkt som morsmjølkerstatning, og her i landet vel dei aller fleste mødrer å amme. Den aggressive marknadsføringa er ofte retta mot kvinner i låginntektsland. Nybakte mødrer, som er på sitt aller mest sårbare, let vere å amme fordi dei blir overtalte til å tru at flaske er betre enn pupp for barnet. Bruk av morsmjølkerstatning er særleg problematisk i land der det er mangel på reint drikkevatn, og det fører til tap av menneskeliv.

Ifølgje WHO og Unicef kunne rundt 800.000 barn under fem år og 20.000 brystkreftramma kvinner unngått å miste livet kvart år ved amming. Dei aller fleste av desse dødsfalla skjer i fattige land.

Det er viktig å få fram at det ikkje er sjølve produktet morsmjølkerstatning som er problemet. For alle mødrer som av ein eller annan grunn ikkje kan amme barnet sitt, er erstatningsvarianten eit godt alternativ. Problemet oppstår når industrien påstår at kopien er betre enn originalen, og det ikkje stemmer.

Det finst seks store produsentar av morsmjølkerstatning, og ifølgje WHO driv alle same aggressive marknadsføring. Selskapa blir skulda for å infiltrere mødregrupper i sosiale medium for å marknadsføre produkta, og helsearbeidarar får tvilsam informasjon som dei gir vidare til kvinnene. Til dømes påstanden om at barnet søv lenger om det får pulvermjølk, eller at barna blir mindre sårbare for allergiar. Mange helsearbeidarar blir sponsa av selskapa. Over ein tredjedel av kvinnene i undersøkinga svarte at helsearbeidarar hadde råda dei til å bruke eit spesielt merke morsmjølkerstatning.

Kunnskap er viktig for å hindre at foreldre blir lurt. Redd Barna er ein av organisasjonane som har gjort ein viktig innsats i kampen mot desinformasjon på dette området, og den kampen er det framleis behov for å kjempe.