I fire år har Møre og Romsdal fylkeskommune jakta på kostnadskutt for ny Nerlandsøybru. Det har hatt sin pris.
Kostnadskutta har uteblitt.
I staden har prisen på brua skote i vêret. Frå 2018 til i dag har kostnaden auka frå 430 til 751 millionar – over seks millionar i månaden.
Går inn for å bygge ny Nerlandsøybru til rekordpris
Betong var nærast rekna for eit vedlikehaldsfritt materiale då Nerlandsøya vart bygd for over 50 år sidan. Det er det definitivt ikkje. Denne brua har som mange andre betongbruer frå same tid store skadar.
I 2012 slo Statens vegvesen alarm.
Inntrenging av kloridar i betongen hadde då påført armeringa store skadar. Desse skadane hadde utvikla seg raskt. Basert på utviklinga frå ei undersøking i 2006, vart brua gitt ei vidare levetid på fem år.
Skadane var så omfattande at ny bru var einaste alternativ.
– No hastar det å få brua på anbod og bidra til sysselsetting
Og akkurat fem år etter at alarmen gjekk, vedtok fylkestinget å doble ei tidleg kostnadsramme for å bygge ny bru. Då hadde fylkeskommunedirektøren stipulert kostnaden til svimlande 430 millionar.
Tilstanden på brua var då slik at det var sett inn lysregulering for å hindre at for mange tunge køyretøy skulle køyre over samstundes. Bilar hadde punktert på armeringsjern som stakk opp i køyrebana.
Fire nye år har no gått.
Trass i forsøka på å kutte kostnadar og sjå på alternativ bruteknologi har prisen berre skote i vêret.
Sp foreslår å kutte 70 millionar til ny Nerlandsøybru
No er ny Nerlandsøybru kostnadsrekna til 751 millionar kroner. Etter at anboda kom på bordet, betyr det fylkestinget no må utvide ramma, som vart vedteken så seint som i sommar, med nye 190 millionar.
Fylkeskommunedirektøren rår også til å legge inn ein ekstra buffer på 75 millionar kroner, slik at totalramma blir på 826 millionar.
Og ho rår til at bygging vert sett i gang, slik at brua endeleg kan stå ferdig i mars om to og eit halvt år.
– Tida går og restlevetida minkar
Til ein viss grad kan fylkespolitikarane kanskje skulde på uflaks. Prishoppet på stål, betong, asfalt og entreprenør-kostnadar det siste året var det ingen som kunne spå i 2018.
I tillegg skulle fylket gjennom ein kraftig økonomisk hestekur med store kutt i skular og prishopp på ferjer.
Uflaks kan likevel ikkje ta heile skulda.
Glad bildekket ikkje eksploderte
Overdriven tru på alternative løysingar har vore minst like viktig saman med hangen til å skubbe vanskelege avgjerder framfor seg. Denne gongen har det kosta dyrt for eit prosjekt som alle var samde om måtte gjennomførast.
Sjeldan har uttrykket «å spare seg til fant» vore like treffande som i denne saka.