Gratis ferje på lavt trafikkerte samband betyr lite for dei fleste, svært mykje for dei få, og aller mest for Senterpartiet.

Her får partiet mykje for pengane.

I eit revidert budsjett der krisepakkar for fleire titals milliardar skal dekkast inn, er dei knappe 40 millionane dette tiltaket kostar som småpengar å rekne.

Som distriktspolitisk symbol er verdien stor.

I ferjefylka Møre og Romsdal og Nordland braut ferjeopprøret laus etter budsjetthausten 2019. Store kostnader på utsleppsfrie ferjer var mellom årsakene til kraftige takstauker.

På toppen av dette vart autopass-betaling innført, og gjorde billettprisen for bilar endå dyrare.

Summen var ekstrarekningar på fleire titusen kroner årleg for mange pendlarfamiliar, medan bedrifter med store transportbehov såg eksistensen sin truga.

Krafta i opprøret la eit sterkt press på regjeringa og Stortinget. I valåret 2021 vart dette til eit politisk kappløp og nye vallovnader i kø.

Både den dåverande regjeringa og Ap lova halvering. Frp og Sp «dobla» dette med lovnad om gratis ferje til alle.

Trygve Slagsvold Vedum konkretiserte eit delmål om gratis ferje i samband med under 100.000 reisande i året. Det er dette han som finansminister no har fått gjennomslag for.

I budsjettet for i år er det alt sett av 30 millionar kroner. I revidert budsjett torsdag kjem det framlegg om å legge nye 39 millionar kroner på bordet.

Dette gjer det gratis å reise på vel 30 samband frå i sommar.

I Møre og Romsdal gjeld det seks samband. Det mest trafikkerte av dette er sambandet i Hjørundfjorden.

Fleirtalet av dei ferjereisande må likevel vente på neste gladmelding. For større samband ligg det nemleg ikkje ei einaste krone i nye kutt no.

I revidert budsjett vil det aller meste no handle om å å finansiere store ekstrakostnader i krisepakkar.

Kostnadane til koronatiltak, straumstøtte og mottak av Ukraina-flyktningar utgjer åleine over 60 milliardar kroner samla. I tillegg kjem eit rekorddyrt landbruksoppgjer.

Samstundes må pengebruken strammast inn.

Når regjeringa likevel prioriterer gratis ferjereiser på dei minste sambanda, fortel det først og fremst at Senterpartiet er i knipe. Dette er eit distriktspolitisk tiltak med stor symbolverdi, det er lett å kommunisere og det har lav pris.

For ein finansminister som styrer eit parti i krise på målingane, er dette eit «kinderegg» han ikkje kan seie nei til. Det er akkurat slike søtsaker Senterpartiet no treng.