Innan få år vil vi ha nær dobbelt så mange 80-åringar i Norge som i dag. Talet stig raskt i takt med at dei store etterkrigskulla går inn i alderdommen.

Dette vil auke presset på helsetenestene.

Eitt av svara i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett var å fjerne tilskotet til heildøgns omsorgsplassar heilt. Kuttet saknar all logisk forankring. Eitt av Stortinget sine viktigaste oppgåver denne budsjetthausten må vere å snu dette.

I meir enn ti år har det vore stor fokus på korleis vi skal løyse utfordringa med at ei raskt aldrande befolkning vil bety press på helse- og velferdstilbodet.

Auken i talet på eldre møter vi likevel først no. Dei siste ti åra har nemleg talet på 85-åringar vore tilnærma stabilt.

Endringa kjem med innmarsjen av dei store fødselskulla i tiåra etter verdskrigen. I dag er dei første av dei i slutten av 70-åra. Dei er både friskare og meir ressurssterke enn tidlegare generasjonar.

Likevel skjer det ei endring – og det skjer raskt. Kapasiteten i heimetenestene og hos fastlegane er allereie under press. Samstundes er det for få plassar i heildøgns omsorg i kommunane.

Tida for å tilpasse oss dette er kort.

Marsjordren til kommunane må vere å få fortgang i ulike former for heildøgns omsorgstilbod. Sidan 2008 har staten bidratt i denne dugnaden ved å gi investeringstilskot gjennom Husbanken.

Dei siste fem åra har kommunane mottatt 12,5 milliardar i tilskot til nær 7.000 omsorgsplassar fordelt på om lag likt på sjukeheimar og omsorgsplassar. Kristiansund og Molde er største mottakarar i Møre og Romsdal med nær 300 millionar av litt over ein halv milliard.

Ålesund har på si side fått løyvd rundt 40 millionar sidan 2018, men har fleire prosjekt på planstadiet både for eldre og yngre brukarar.

Desse kan no bli sett på vent om framlegget i statsbudsjettet blir ståande. Dette gjeld til dømes planar om å kjøpe 20 leilegheiter i Moa-området og 10 bustadar for utviklingshemma i Olsvika.

I tillegg står eit prosjekt på Flisnes i fare for å bli utan tilskot. Regjeringa slår nemleg også fast at kuttet gjeld prosjekt som har fått avslag på søknad i år, altså at kommunen ikkje kan klage på avslaget.

Protestane mot dette kuttet har vore kraftige både frå kommunar, fylkeskommunar og interesseorganisasjonar. Håpet no er at fleirtalet på Stortinget skyt ned dette framlegget og sørger for at Husbanken framleis kan bidra til vidare satsing.

«The silver tsunami» tar i alle fall ikkje pause.

Behovet for omsorgsplassar svingar ikkje med konjunkturane.