Då styremaktene opna landet for «normal drift» i februar, var det i håp om å sette eit endeleg punktum for eit toårig mareritt. Ettersom storparten av befolkninga då var fullvaksinerte, fekk omikron-viruset breie om seg i Norges land – heilt etter planen.

Sidan dess har dei fleste av oss for lengst slutta å sprite hendene ved kvart høve. Munnbind er knapt å sjå. Pandemi? Nei, det er vi ferdig med. Nyheitsbildet har for lengst gått vidare til andre ferske storkriser: inflasjon og krig.

Og faktisk har talet på registrerte covid-tilfelle gått ned med 90 prosent globalt sidan smittetoppen i januar. Men dryppvis kjem det likevel nokre påminningar om at korona framleis utgjer ein trugsel.

I eit møte mellom G20-landa sine helseministrar tidlegare denne månaden, sa WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus at verda må vakte seg mot likesæle overfor covid-19. Om skuldrene blir for låge, kan konsekvensane bli alvorlege med ein ny oppblomstring av muterte variantar, var bodskapen til WHO-sjefen.

Det er venta mykje smitte i Europa den komande tida ettersom mange land nyleg har kvitta seg med restriksjonane, og den svært smittsame omikronvarianten BA.5 brer om seg.

I førre veke bad Frankrike om at innbyggjarane igjen må bruke munnbind på offentleg transport, medan EU har godkjent bruken av koronapass fram til juni 2023. I Sverige melder helsemyndigheitene i Stockholm om kraftig auke i covid-19-pasientar. Uvaksinerte er overrepresenterte blant dei innlagde, melder Aftonbladet.

Også i Noreg er talet på sjukehusinnleggingar på veg oppover, og FHI fryktar for ei ny smittebølge om ikkje lenge. Nyleg blei det klart at alle over 75 år vil få tilbod om oppfriskingsdose.

Vidare har Helsedirektoratet og FHI nyleg gjennomført ei undersøking for å avklare om kommunane er klare for eventuell ny vaksinasjonsrunde til hausten for dei over 65 år og med underliggande sjukdommar. Det store fleirtalet av kommunane er heldigvis førebudde.

Meir urovekkande er det at det ikkje eksisterer ei endeleg oversikt over kor mange intensivsenger Norge har. Då helseregionane leverte statusrapportar om intensivkapasiteten til helsedepartementet 15. juni, mangla det tal frå vårt eige Helse Midt. Tal-manglen blir unnskylda med tidlegare krangel om korleis sengeplassane blei telt opp. Forhåpentlegvis får Helse Midt rydda opp i dette raskt, slik at helseminister Ingvild Kjerkol peikar på rett plass når ho no hardnakka hevdar at «kapasiteten skal opp».

Pandemien har vist seg å vere uføreseieleg, så vi får ruste oss som best vi kan. Igjen.