Massedrapsmannen Anders Behring Breivik misbrukar kynisk rettssalen som ein talarstol for sin ekstremistiske bodskap. Slik får han påføre offer og etterlatne ny, stor smerte.

Faren for at han med dette inspirerer andre ekstremistar, er også der.

Likevel må vi gjennom dette, fleire gongar enn i dag.

Telemark tingrett skal behandle terroristen sitt krav om å bli lauslaten på prøve. Ingen trur det vil skje no.

Slik han oppførte seg i retten, stadfestar han heller at vilkåra ikkje er til stades.

Han gjorde «nazihelsing» då dommaren kom inn i lokalet, viste plakatar med same rasisme og destruktive samfunnssyn som var motivet bak terroren han er dømd for.

Her er ingen spor av anger.

Etter at minstetida på ti år av forvaringsdommen er gjennomført, har han rett til å få prøvd spørsmålet om prøvelauslating.

Han skal ha ei like grundig og rettvis behandling som alle andre forvaringsdømde. Dette er eit viktig prinsipp.

Slik det demokratiet og rettsstaten han angreip med terror bestod prøven i rettsoppgjeret for ti år sidan, må vi gi han denne retten også no.

Så er det sjølvsagt på sin plass å stille spørsmål ved kor stor merksemd vi skal gi han. For fem år sidan saksøkte han staten med klage på soningstilhøva. No krev han prøvelauslating.

Begge deler kan han gjere igjen.

I praksis risikerer vi at terroristen stiller i retten annakvart eller tredjekvart år framover for å krevje seg prøvelauslatt. I tillegg kan han igjen saksøkje staten med påstandar om at soningstilhøva er i strid med menneskerettane.

Særleg for dei overlevande, etterlatne, redningspersonell og andre som framleis slit med traume etter 22. juli-terroren, kan det bety at smertefulle sår blir rivne opp på nytt og på nytt.

Her har media eit særleg ansvar.

Media må vise varsemd både av omsyn til terrorofra og fordi han kan inspirere andre. Terroristen som angreip moskear og drap 49 menneske i Christchurch i New Zealand i 2019 hadde Breivik som forbilde.

Ei overdriven eksponering av massedrapsmannen kan gjere vondt verre på begge måtar. Samstundes er det klart at mediedekninga også er ein del av rettsstaten sine viktige prinsipp.

Offentlegheita sitt innsyn i ei slik rettssak er eit demokrati sin kontroll med rettsprosessen.

Avgrensar vi innsynet, gjer vi denne kontrollen svakare. I tillegg vil mørklegging bidra til å gi næring til konspirasjonar i ekstremistane sine mørkaste avkrokar, heller enn å dempe dei.

Dette er eitt dilemma som rettsstaten i eit ope samfunn står i.