Først vart eksamen stansa i fleire år på grunn av pandemien. I vår skulle over 270.000 elevar opp til eksamen. Då vart den stansa av datatrøbbel.

Det er ein skandale.

Pandemien var det vanskeleg å gardere seg imot. Dataproblem er derimot blant dei ting ein må rekne med kan oppstå, og derfor ha beredskap på plass.

Mandag var den største eksamensdagen ved dei vidaregåande skulane, og alle vg3-elevane skulle opp i norsk hovudmål. For dei fleste var dette første gong dei skulle få teste kunnskapane sine i ein eksamen.

Mange var av den grunn naturleg nok ekstra prega av eksamensnervar. Nokre ville sikkert ha sleppt heile eksamen. For andre var dette ein viktig sjanse til å forbetre karaktersnittet på vitnemålet i håp om å kome inn på draumestudiet.

Men då det gjaldt som mest, klikka altså det meste.

I Møre og Romsdal vart den skriftlege eksamen avlyst. Her kom lokale nettverksproblem på toppen av problema ved Utdanningsdirektoratet. Også i Viken, Oslo og Trøndelag var det store utfordringar, men her vart ikkje eksamen annullert.

Utdanningsdirektoratet har beklaga det som skjedde.

Ei slik beklaging er til lite hjelp for dei som fekk eksamen øydelagt, i verste fall på ein måte som gjer at dei må endre sine framtidsplanar. Det gjeld nokre av dei som fekk eksamen avlyst og dei som måtte takle kaos i tillegg til problem med eksamensnervar.

Mangelen på ein plan B, gjorde også at eksamen ikkje vart gjennomført på like vilkår. Mellom anna varierte det kor mykje tilleggstid elevar fekk til å fullføre. Ein skule skal også ha sikra seg ved å ta ut oppgåvene på print, slik at elevane vart minimalt forstyrra av innloggingsproblema.

Andre fekk ikkje tilgang på hjelpemiddel dei har krav på.

Alt dette gjer at nokre elevar har fått betre vilkår enn andre. Det er ikkje berre urettvist når det gjeld gjennomføringa av eksamen.

I verste fall kan det få konsekvensar for vidare utdanning.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) har bedt Utdanningsdirektoratet om ei forklaring på det som har skjedd og kva som kan gjerast for å hindre at det skjer igjen. Blant dei spørsmål ho må få svar på, er kvifor beredskapen mangla.

Ifølgje Utdanningsforbundet skal direktoratet nemleg ha blitt advart på førehand mot at noko slikt kunne skje. «Vi påpekte at det burde vært en plan B, men fikk ikke gehør», seier Thom Jambak, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet.

Stemmer det at direktoratet medvite har valt bort å ha ein plan B, er det den største skandalen. No er det opp til direktoratet å svare ut dette, og bevise at også dei er i stand til å lære.