Fotball-VM sine største heltar blir ikkje kåra i finalen søndag 18. desember. For dette VM sin viktigaste kamp blir ikkje avgjort i to omgangar på fotballbanen.

VM i Qatar handlar om noko mykje meir.

Fifa-president Gianni Infantino gjorde det med sin opningstale ufrivilleg krystallklart for eitkvart tenkjande menneske. Det iranske landslaget sette to strek under dette med si tausheit.

Iranske supportarar viste støtte til demonstrantane i heimlandet. Foto: Alessandra Tarantino NTB/AP

Idrettshistoria er full av store idrettsarrangement som har blitt brukt politisk. VM i Qatar skriv seg inn i historia som eitt av dei triste døma på korleis diktatur eller autokrati polerer fasaden i glansen frå sporten.

I dette tilfellet er Fifa-leiinga aktivt med på dette.

I eit fåfengt forsøk på å hevde at sport og politikk ikkje høyrer saman viser Infantino både i ord og handling det motsette. Opningstalen var eit varmt forsvar for eit regime som ikkje respekterer grunnleggjande menneskerettar.

No sit han skulder ved skulder på tribunen med Saudi-Arabias diktator, Mohammad bin Salman, som truleg er klar til å søkje som VM-arrangør.

Trugsmål om sportslege sanksjonar ytringar til støtte for LHGBT-rettar ligg på nøyaktig same line som regimet si undertrykking av desse rettane og ytringsfridomen.

Det belgiske landslaget har blitt tvinga til å fjerne regnbogfargar og ordet «love» frå sine drakter. Dei sju landa som hadde planlagt å stille med same symbolet på sine kapteinsbind, har også bøygd av.

Trugsmålet om å gi gult kort til kapteinane frå kampstart, var nok.

I skarp kontrast til dette står det iranske landslaget. Dei har valgt å støtte for landsmenn og -kvinner – aller mest det siste, som gjer opprør mot eitt av verdas mest undertrykkjande regime.

Enkeltspelarar har protestert i klartekst i intervju. Heile laget på sitt symboltunge vis ytra seg med tausheit då nasjonalsangen vart spelt før kampen mot England. Sangteksten er ein nasegrus hyllest det islamistiske styret. Iranarar på tribunene har støtta opp om protesten.

Alle desse risikerer meir enn gule kort.

«Iranerne, med livet som indsats, valgte at sige fra», skriv den tidlegare Folketingspolitikaren, dansk-kurdiske Özlem Cekic, på Facebook. Ho håper dette motet kan bli hugsa neste gong det blir påstått at folk i Mellomausten er likeglade til demokrati.

Sport er ikkje politikk.

La oss likevel ikkje ein gong til høyre at sporten må vere fri for politikk. Det er den uansett ikkje. Den viktigaste kampen i fotballen står no mot leiinga i Fifa. som støttar at sport blir brukt av undertrykkjande diktatur.

I den kampen bør vi hente inspirasjon frå det iranske landslaget i fotball.