Ålesund sjukehus manglar godkjende smitteisolat. Akuttmottaket oppfyller ikkje krava til smittevern, traumeteam og skjerming av pasientar. Behandlingsrom er så tronge, at personale må drive millimeter-manøvrering når sengene skal ut og inn. Ingen kan vere i tvil om at den planlagde utbygginga av sjukehuset i Ålesund er heilt nødvendig. Likevel seier regjeringa nei til lånegaranti i årets statsbudsjett. Forstå det den som kan.

Dei tilsette gjer ein formidabel innsats for å sikre pasientane eit godt helsetilbod, trass kummerlege forhold. Det er blitt jobba iherdig i fleire år for å spare pengar, og sikre eigenkapital for å kunne ta opp lån. Heilt frå Helse Sunnmøre si tid, har Ålesund sjukehus vist at dei har god økonomistyring, og er i stand til å gjennomføre krevjande prosjekt. På sist styremøte kom det fram at Helse Møre og Romsdal truleg er einaste helseføretak som bruker mindre pengar enn budsjettert i år.

Ålesund sjukehus ber ikkje om ekstraløyvingar frå staten, men om lov til å låne pengar. Planane omfattar nytt akuttmottak, ny intensivavdeling, oppgradert operasjonsavdeling, overvaking og såkalla postoperativ eining, i tillegg til annan heilt nødvendig oppgradering av det 50 år gamle sjukehuset, som er altfor trongt etter dagens krav. Det blir hevda at intensivavdelinga på Ålesund sjukehus er dårlegare enn intensivavdelinga i dagens Molde sjukehus, som snart er historie. Ålesund sjukehus ligg i den mest befolkningstette delen av Møre og Romsdal, og utbygginga er viktig for heile regionen.

Utbygginga er planlagt å koste i overkant av 1,2 milliardar kroner. Kravet for å få garanti er at helseføretaket kan stille med 30 prosent eigenkapital, og denne eigenkapitalen er på plass. Derfor var det både overraskande og skuffande at Helsedepartementet i statsbudsjettet sa nei til å gi ein lånegaranti på dei resterande millionane som trengst for å fullfinansiere utbygginga. Dersom garantien kjem på plass, kan utbygginga starte neste år, sjølv om ein ikkje treng dei låna som garantien utløyser før i 2024 og 2025.

Onsdag skal helse- og omsorgskomiteen på Stortinget kome med si tilråding når det gjeld detaljane i helsebudsjettet. Førebels ser det ikkje lyst ut med tanke på lånegaranti til Ålesund sjukehus, men det er lov til å håpe at nokon snur, og innser at det hastar. På ein eller annan måte bør politikarane gi signal om at utbygginga kan kome i gang. Det kan bli dyrt å vente.

Dei tilsette gjer ein formidabel innsats for å sikre pasientane eit godt helsetilbod, trass kummerlege forhold