Departementet har kome med svaret sitt: Eidsdal og Dalsbygda (Norddal) blir verande i Norddal kommune. Om dette også blir det siste vi høyrer frå aksjonistane, får tida vise.

Sikkert er det derimot at Kommunal- og moderniseringsdepartementet ikkje vurderer eit nei frå fleirtal av folket i Eidsdal og Dalsbygda som nok for å gjennomføre ei grensejustering. Med andre ord: Norddal kommune blir som før reint geografisk.

Rett nok blir areal og folketal endra frå 1. januar 2020 når hopehavet med Stordal blir til Fjord kommune.

Ikkje openberre ulemper

At departementet valde å ikkje fylgje tilrådinga frå fylkesmannen, overraska sikkert somme, men ikkje kommunestyret.

Politikarane hevdar at det beste vil vere at kommunen blir som før, at alle som bur i Norddal skal få sine tenester frå Norddal kommune.

Departementet meiner såleis at det ikkje er påvist openberre ulemper for innbyggarane ved dagens grense som vil bli betre ved at bygdene blir flytta til Stranda.

Så langt departementet.

Samling av indre Sunnmøre

Personleg vil eg hevde – som før – at det beste for bygdene på indre Sunnmøre er at dei kjem saman i ei kommunal eining. Det vil gi eit folketal på om lag 7.200 etter siste kjende teljing.

Ein kommune mellom Stordal, Norddal og Stranda vil ha tyngde nok til å dekke dei fleste tenestene som innbyggarane kan ha krav på.

Dette veit også dei folkevalde, men har likevel ikkje klart å oppnå ei ekteskapeleg semje om ei så viktig og fornuftig avgjerd.

Kva framtida vil bringe, veit ingen.

Godt samarbeid

I generasjonar har det vore eit godt samkvem mellom folk på indre Sunnmøre.

At det derimot er vanskeleg å oppnå semje mellom dei som er valde til å styre kommunane, har vorte både synleg – og høyrleg – i inneverande periode.

Like kjend er at det på fleire område rår eit både nært og godt samarbeid. Dette blir halde oppe utan omsyn til kvar dei einskilde bygdelaga høyrer heime. Her trengst ikkje ei oppramsing av kva det blir sikta til, men noko skal likevel nemnast:

Reiselivet i vekst

Inga næring har større vekst enn reiselivet både med omsyn til trafikk og som fylgje av det, fleire faste arbeidsplassar. Eksempel på dette har kome klart til syne det siste året.

Eit uttalt mål er utvida sesong i begge endar, eit arbeid ein ser gryande resultat av.

På vegsektoren skjer det interessante ting som vil gjere det enklare og tryggare for folk å ferdast.

Om ikkje lenge er ein i gang med å realisere planane for ein vintertrygg veg mellom Geiranger (i Stranda) og Eidsdal.

Når nye Strynefjellsvegen er ein realitet, blir det venteleg vekst i trafikken på denne gullruta mellom Geiranger og Trollstigen via Eidsdal og Valldal.

Samferdsleministeren signaliserte nyleg at regjeringa vil bygge ny riksveg – med vegarm til Geiranger.

Her vil det bli arbeidd intensivt for at heile anlegget blir bygt som eitt byggesteg, og at også vegarmen får status som riksveg.

Kommunevalkamp

Om vel eit år er det kommuneval. Dei fleste parti er i gang med å legge sine planar for valet. Parallelt med å finne kandidatar til posisjonar på listene, vil det vere like viktig for det enkelte parti å finne saker dei vil jobbe for og med i den komande fireårsbolken.

Det er naturleg at interessene gjerne skil mellom partia, men det vil ikkje undre meg om ei bestemt sak vil få spalteplass hos fleire.

Ein treng ikkje ofre mykje tankegods for å finne ut kva det her blir sikta til.

Som avslutning: Eit gammalt og rettvist ordtak lyder om lag slik:

Eit vedtak gjeld til eit nytt blir gjort.

Helge SøvikPensjonert redaktør

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Helge Søvik, pensjonert redaktør. Foto: Roger Engvik