I Sunnmørsposten 31. august og 1., 3. og 4. september var det nokre fine bilete og historier frå forliset til snurparen Yukon og berginga av mannskapet på snurparen 27. januar 1957.

Då kom minna fram frå den tida.

Eg var med på Hareid, ein liknande båt, om lag på same storleik som Yukon.

Den situasjonen som Yukon kom oppi kunne like gjerne skjedd med oss.

Les fleire saker om Yukon-forliset:

Vi kasta nota etter same sildeloppen som Yukon. Vi bomma på sildeloppen. Det gjorde ikkje Yukon. Vi blei naturlegvis sure, for bomkast var det ingen som ville ha.

Etter kvart som vi låg og drog til oss nota, byrja vinden å friskne på og berre auka i styrke.

Vi forstod at vi trass alt hadde vore heldige som bomma på sildeloppen. Yukon låg like ved.

Dei hadde fått plenty på nota og heldt på å hive nota til seg.

Mannskapet på Hareid heiv notbåtane opp i davitane og ville sjå vêret an. Eg trur ikkje at vinden var meldt så sterk.

Det var mange større snurparar i området som hadde fått fine sildekast og hadde berga kasta sine. Men dekkslasten var det fleire som miste på grunn av vêret.

Vinden berre auka i styrke. Det var også dårleg sikt og snødrev, så det var ikkje berre berre. Nokre snurparar kom seg ikkje til lands den dagen, så dei låg og bakka til neste dag. Då løya vinden.

Vi på Hareid sette kursen til lands og hadde ekstra utkikk frå styrehuset. Mannskapet snakka om Yukon og lurte på korleis det ville gå med båten. Det siste vi såg av Yukon før vi forlét området, var at dei hadde fått nota på sida og hadde teke til å håve om bord sildefangsten. Vi visste ikkje korleis det gjekk før etter at vi kom til lands. Då fekk vi vite at båten hadde gått ned, men at alt mannskap heldigvis var berga.

Eg synest det er flott at Sunnmørsposten skriv om slikt som skjedde for nokre tiår sidan og legg ut bilete frå hendingane.

Roger KorsnesHareid

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.