I valkampen er vi opptatt av saker som skule, barnehage, eldreomsorg og mange andre viktige område i samfunnet. Dei aller fleste områda gir lite inntekter, men store kostnader, kostnader som nokon må sørgje for at vi har inntekter til å dekke. Her er stikkordet næringslivet vår, bedriftene rundt oss og alle dei som står på kvar dag for at deira bedrift skal gå med overskot og gi trygge arbeidsplassar. Eg synest næringslivet og alt det positive dei gjer for at vi skal ha mange og gode arbeidsplassar, inntekter til stat og kommunar som er med på å dekke alle andre gode formål, kjem aldeles i bakevja i diskusjonane. I den grad det private næringsliv blir trekt fram i debattane blir dei ofte negativt omtalt. Spesielt dei som driv barnehagar, eldreomsorg eller andre verksemder opp mot det offentlege. Om dei går med overskot så må ein samtidig ha i tankane at dei ikkje har betre rammevilkår på desse områda enn det offentlege har. På levering av tenester er dei fullt på høgre med dei offentlege, ja faktisk ofte eit hakk betre.

I Nye Ålesund har vi eit mylder av store, mellomstore og små næringsverksemder. Sunnmøringen er vide kjent for å vere gode på å drive næring. Gjennom Nye Ålesund kan vi no bli endå betre på dette området. Ein ny næringssjef er tilsett, Inger Synnøve Remme frå Brattvåg, som er godt inne i arbeidet som Haram kommune har gjort saman med næringslivet gjennom mange år. Her trur eg Nye Ålesund har mykje å hente og lære. At kommunen også har fått tilsett ein framtidsnavigatør trur eg kan vise seg å vere ei god investering.

Nøkkelen er å ha god og positiv dialog mellom kommune og næringsliv for å utvikle samfunnet rundt oss til det beste for begge partar, partar som i aller høgste grad er avhengige av kvarandre. Dette kan også bidra til gode prosessar for vidare utvikling gjennom kommunale planar, som eksempelvis samfunnsdelen i ein kommuneplan, og gi grobotn til næringsutvikling. Næringsutvikling er avhengig av at kommunen har bustadtomter, barnehagar, skular og fritidstilbod mv. Eit samspel mellom ulike samfunnsaktørar skaper utvikling og vekst. Ei attraktiv kommune med sterke private bedrifter vil også bidra til at utflytta ungdom i større grad vender tilbake.

Bedriftene våre, enten dei er store eller små, og den utviklinga dei vil ha framover, er den viktigaste grunn for at vi kan bygge eit godt samfunn rundt oss. Plasseringa vår mot havet, dei nye næringane som vi skal leve av i framtida, som i stor grad er relatert til havet, saman med den kompetansen og dei utdanningsinstitusjonane vi etter kvart har fått på plass i vår nye kommune, gjer at døra no står open for å gå inn i ei ny og spennande tid. Då må vi ta næringslivet på alvor, lytte og samarbeide. Kjempe for at dei får gode rammevilkår, mellom anna ikkje pålegge dei eigedomsskatt. Kan også nemne den norske særskatten, formuesskatten. Her tenkjer eg spesielt på skatt på arbeidande kapital som rammer norsk og lokalt eigarskap. Dette er rikspolitikk med er absolutt ei sak som vi må arbeide for å få bort.

Eg har vore så heldig og fått møte mange bedrifter både gjennom bedriftsbesøk og ande møter gjennom fleire år. Det er ikkje mindre enn imponerande det som blir skapt av idear og produkt rundt omkring. Dette gir grunnlag for optimisme i den nye kommunen vår!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!