Regjeringa vil ha kysttrafikk basert på hydrogen og ammoniakk. Grønt skal det bli. Er det ein god ide?

Produksjon av hydrogen er kraftkrevjande. Innan ein får brukt hydrogen til å skape framdrift, vil meir enn 2/3 av energien som var i utgangspunktet ha blitt borte på vegen. Difor bør ein bruke hydrogen berre der ein ikkje har alternativ.

Politikarar og næringsliv ser nye moglegheiter for tida. Det er ikkje måte på kva ein kan få til når ein har massevis med fornybar energi. Men har vi massevis med fornybar energi? Vi har vel stort sett bygd ut den vasskrafta vi tykkjer går an. Protestane mot vindkraft som vi har sett dei siste åra tyder vel på at det i det minste vil bli dyrt om ein vil prøve å få tak i meir. Dermed har havvind blitt svaret på kvar krafta skal kome frå.

Tenk dykk løypa der straumen blir produsert ute i havet, så torskeyngelen blir rista i filler i staden for å vekse opp. Så skal krafta til land i kablar laga av kopar frå Repparfjord, der dei skal kaste gråsteinen i fjorden saman med kjemikaliane som har blitt bruka. Så skal ein koke hydrogen som blir gjort om til ammoniakk som blir fylt på båtar som ikkje skal sleppe ut CO₂ når dei går langs kysten vår.

Kvifor ikkje setje segl på kystbåtane, så dei kan nytte vinden direkte? Viss vi planlegg litt betre så vi ikkje treng alt mogleg i går, så er det nok vind langs kysten til å drifte mange båtar. Då held det antakeleg med litt batteridrift inn og ut av hamnene, lada med straum som båtane truleg kan fikse sjølv når dei er ute på havet.