Det fagleg sterke blikket som veit kva som skal gjerast når det hastar, og den trygge handa når det kjennest ut som at verda rasar saman...

Ifølgje prognosar kjem vi til å mangle 28.000 sjukepleiarar i 2035. Skal vi ha nok sjukepleiarar til å vere der for oss gjennom livet, er det avgjerande at vi lukkast med rekrutteringa til sjukepleiarstudiet, at fleire studentar fullfører utdanninga, og at vi klarar å behalde sjukepleiarar i yrket.

Låge søkjartal

Tal på søkarar til sjukepleiarstudiet er det lågaste på mange år. Nedgangen er på 22 prosent frå i fjor. Vi skulle sjølvsagt sett at søkartala heldt seg stabilt høge, men søkartal svingar alltid litt.

Eg er glad for at sjukepleiarutdanninga framleis er eit av dei mest populære studia. Høg søking til sjukepleiarstudietog at studentane gjennomfører studiet er viktig for å sikre nok kvalifiserte sjukepleiarar for framtida. Det er også ein viktig målestokk på at yrket er attraktivt.

Få praksisplassar

For at fleire skal velje sjukepleiarutdanninga, må den vere oppdatert og relevant. I tillegg er tilgang til gode praksisplassar heilt avgjerande når halvparten av sjukepleiarstudiet er i praksisfeltet.

Diverre utfordrar for få praksisplassar moglegheita for å auke opptaket av studentar. I åra framover må det tenkast nytt om korleis vi kan løyse praksisfloka betre.

Det er ni år sidan eg gjekk av vakt og la bort namneskiltet, for å bli folkevalt på heiltid på Stortinget. Sjukepleiaren i meg saknar pasientar, pårørande, kollegaene og dei faglege utfordringane litt kvar einaste dag.

Diverre er det altfor mange sjukepleiarar som sluttar eller vurderer å slutte i yrket. Ein rapport frå 2017 viste at 1 av 5 sjukepleiarar ikkje jobbar i helsetenesta ti år etter fullført utdanning.

Fast og full stilling

Skal det vere attraktivt å stå i jobb som sjukepleier må ein kunne jobbe i fast og full stilling, det må sikrast moglegheit til kompetanseutvikling gjennom heile arbeidslivet og sjukepleiarar må få gode utviklingsmoglegheiter i yrket. I ein sektor med over 70 prosent kvinner, er dette også ei viktig likestillingssak.

I dag er deltidsdelen og sjukefråværet høgt i sektoren. Det skapar stort arbeidspress og mykje stress for sjukepleiarar på jobb. Arbeidet med heiltidskultur og gode arbeidsmiljø må fortsette med full styrke.

Koronapandemien har vist oss kor krevjande og tøft sjukepleiaryrket er. Kanskje har det påverka årets søkartal. Men pandemien har også vist den viktige samfunnsfunksjonen og betydinga dei har. Samtidig som vi skal anerkjenne det tunge ansvaret og dei tøffe vaktene, må vi også hugse å framsnakke og anerkjenne kor ansvarsfullt, givande og spennande yrket som sjukepleiar er.