I eit lesarinnlegg på Sunnmørsposten si nettside den 25. mai skriv Ragnar E. Bakken eit svar til mitt innlegg den 18. mai, som igjen var eit svar til eit lesarinnlegg av bl.a. ordførar Eva Hove i Fjord kommune.

Bakken skriv mellom anna at vi no ikkje må kjempe bygd mot bygd. Det er øydeleggjande. Så sant, så sant. Han skriv vidare at alle må kunne kjempe for sine hjartesaker for best mogelege løysingar for sine bygder og kommunar. Saman må vi kunne samle oss om det beste for flest mogeleg. Heilt einig.

Eg er også einig i at store delar av nye E136/E39 må leggjast utanom sentrum som Bakken skriv, men dette gjeld ikkje berre for Sjøholt, men heile vegtraseen. Det er ikkje berre på Sjøholt at trafikkmengda har auka enormt siste åra.

Bakken forstår godt at eg kjempar for å få redusert ulempene på strekninga gjennom Svorta og Valle, og stør gjerne tiltak på denne strekninga som kan redusere ulempene for folket i desse bygdene. Veldig bra.

Når det gjeld uttrykket «Kvar er logikken», så syner mitt innlegg ganske klårt, at dette spørsmålet gjeld ynsket frå Eva Hove om tunnel forbi Sjøholt sentrum, medan ho samstundes meiner at på strekninga Digernesskiftet til Valle skal nye E136 gå i dagen, og bør fylgje noverande vegline. Hove burde vite so pass at dette totalt vil rasere og øydeleggje størstedelen av bygda vår.

EH sitt framlegg til vegtrase her, er nettopp det Bakken seier vi ikkje må, nemleg å kjempe bygd mot bygd.

Vi som bur på Svorta/Valle har ikkje hevda noko synspunkt om kvar nye E136 skal gå bortsett frå den vegdelen som angår oss. For å berge heile bygda her, vil vi ha nyevegen i ein samanhengande tunnel. I mitt lesarinnlegg har heller ikkje eg hevda noko synspunkt på kvar nyevegen skal gå på andre stader enn her eg bur, og eg vil heller ikkje seinare leggje meg bort i dette. Det synest eg at også andre med meiningar om nyevegen skal gjere. Kvar og ein bør vere varsam med å hevde synspunkt i saker som medfører plager og ulemper for andre, og ikkje dei sjølve.

Eg er sikker på at alle bygdelag som vert råka, er dei beste til å ha meiningar om kvar nyevegen bør gå i deira bygdelag. Mi erfaring hittil er i alle høve at det er Statens vegvesen (fagfolka innan norsk vegutbygging) som har sterke og «fastlåste» synspunkt om denne vegtraseen, og som har vist vanskar med å ta til seg saklege og velbegrunna løysingsforslag, og ikkje folk flest.

Eg merkjer meg elles at Bakken i oppsummeringa si nemner mange bygdelag på strekninga Digerneset til Ørskogfjellet, og også innbyggjarane på indre Sunnmøre, men nemner ikkje omsynet til innbyggjarane på Svorta/Valle. Tilfeldig?