Vi er alle einige i at ei sak har meir enn ei side. Leiar i gruppa «Vi som vil vere i Ålesund» la ut eit innlegg på sin Facebook-profil:

«Protestere, så tvil og rive ned er mykje enklare enn å bygge opp gode samfunn som er rusta for framtida. HUAÅ-rørsla har vist at dei er dyktige til det førstnemnde, no trur eg det beste også for dei er å respektere avgjerda som er tatt av kommunestyret og heller vende blikket opp og framover mot framtida. Dette har i alle fall eg og dei rundt meg planar om å gjere».

Då vil eg kome med ei anna side av saka. Til initiativtakarane bak gruppa og innbyggarinitiativet «Vi som vil vere i Ålesund»; De protesterte mot eit fleirtal i vedtatt folkerøysting ved å starte eit innbyggarinitiativ dagen etter at fleirtal for lausriving var eit faktum. De prøvde å så tvil ved å sjå bort frå førehandsrøystene og dermed dømme feilaktig fleirtal i bygdene der både eg og dokke bur. De gjorde eit direkte forsøk på å rive ned fellesskapet vi har med dette initiativet.

Det beste, og ikkje minst mest demokratiske, hadde vore å respektere det faktiske resultatet av folkerøystinga og deretter la kommunestyret ta si avgjersle basert på dette i lag med resten av avgjerdsgrunnlaget. Eit innbyggarinitiativ sendt inn til kommunedirektøren tidleg i mars skulle aldri ha vore ein del av dette grunnlaget. Basert på den massive oppslutninga underskriftskampanjen som gjekk i mot det innbyggarinitiativet fekk, burde de innsjå at det er svært tvilsamt at dokke faktisk har fleirtalet i Vatne, Tennfjord, Grytastranda og Søvik med dokke i denne saka.

Kommunedirektøren og kommunestyret fekk tilsendt godt over 800 underskrifter i eit mot-initiativ som seier at vi som bur i dei aktuelle bygdene ikkje ønsker grensejustering. Dette vart avslått.

Eg finn det merkeleg at eit kommunestyre kan fatte eit vedtak om å søke om grensejustering i ei slik sak. Utan konsekvensutgreiing. Utan å lytte til folket.

Eg finn det òg merkeleg at gruppa «Vi som vil vere i Ålesund» synest det er greitt at vel 300 personar i gamle Haram kommune får bestemme over resten. Utan konsekvensutgreiing. Utan å spørje folket.

Det har blitt sagt at det er eit liv etter dette — at vi skal møte kvarandre på butikken, fotballbana og dugnadar. Det skal vi.

Men det overtrampet eg og mange andre i Vatne, Tennfjord, Grytastranda og Søvik har opplevd, er noko som i alle fall ikkje eg vil gløyme. Uavhengig av resultat frå departementet.

Heile Haram ut av Ålesund!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!