Eg var ein av dei 7829 som kunne røyste i folkerøystinga om kommunedeling 3. mars. Det gjorde eg sjølvsagt, det er viktig at ein seier si meining når ein har høve til det i eit demokrati og eg røysta sjølvsagt for å halde fram i Ålesund. Eg meiner framleis at vi må sjå framover og bruke energien og engasjementet der vi er og stå i lag for då får ein alltid til meir enn når ein skal gjere ting kvar for seg.

Mange rasar no over vedtaket fatta i kommunestyret om lausriving av berre deler av Haram. Dei meiner dette ikkje var eit alternativ i folkerøystinga og at det som no er vedteken er heilt hinsides. At det ikkje sto eit tredje alternativ på røystesetelen har jo overhovudet inga tyding i denne samanheng. Eg hadde framleis røysta for at heile Haram burde vere i Ålesund, og alle aksjonistane hadde garantert stemt for at heile Haram skulle lausrivast. Resultatet av folkerøystinga hadde blitt nøyaktig det same.

Heldigvis har vi i Noreg eit representativt demokrati, ikkje eit aksjonistdemokrati. Vi vel representantar kvart fjerde år som skal gjere vedtak på våre vegne. Det er det kommunestyret i Ålesund no har gjort. Og for ein del tyder det at vedtaket ikkje vart i tråd med det ein ønskte, slik er det i alle saker med ulike syn. Men å hevde at lokaldemokratiet no har tapt, meiner eg særs uheldig og bidreg til å undergrave nettopp lokaldemokratiet. Det er ei styrke for demokratiet at og andre stemmer enn dei som skrik høgast, har mest pengar til å påverke eller lagar mest støy kan bli høyrd. Politikarane skal vekte mange omsyn opp mot kvarandre og tenke heilskap, ikkje berre kva ei sterk gruppe helst vil på eigne vegne.

Eg forstår sjølvsagt at dei som har jobba for saka si, er skuffa. Og kanskje blir også skuffelsen ekstra stor når ein i gledesrus og med høg champagneføring allereie har feira sigeren på forskott, før saka vart handsama.

Eg er spent på avgjerda frå Oslobygda som skal kome før sommaren. Eg håpar dei landar ned på at det beste for framtida er at vi framleis skal vere ein kommune i lag.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!