Det må vere ei velsigning og til ei kvar tid vere skråsikker på eigen kompetanse. Men det ser jo litt dumt ut når bodskapen ein forkynner, ikkje stemmer med verkelegheita.

Skal ein tolke Løvold ordrett kan det virke som at alt som held liv i ein by, er moglegheita til å køyre dit gratis.

Det er fasinerande at Framstegspartiet framleis forsøker same retorikk og skråsikre påstand i by etter by, når dei tek feil kvar gong. Eg veit ikkje om dei kan skulde på dårleg intern kommunikasjon i partiet, eller om dei meiner Ålesund er ein by med heilt eigne mekanismar. Faktum er at investering i infrastruktur, til ei kvar tid har ført til positiv utvikling i ein by eller region. Eg vil kalle det framsteg, det burde Løvold like.

Det kan difor vere ein god taktikk for Løvold å bytte ut eigen skråsikkerheit, med erfaringar frå verkelegheita. Løvold forsøker i eit kommentarfelt å vise til ein rapport frå Vista for underbygge skråsikkerheita, problemet er berre at han tek funna ut av kontekst.

Ja, Ålesund har hatt ein liten nedgang i omsetning av varer i sentrumsområdet frå 2008 og fram til i dag, det har dei fleste norske byar. Moa-området har også eit handelsoverskot på sentrum. Mykje av årsaka ligg i omsetninga av plasskrevjande varer og at kommunar som grensar mot, har eit stort handelstap til Ålesund. Moa konkurrerer i mindre grad mot sentrum og i større grad mot Sula, Vestnes og Fjord.

Men kanskje det mest banale poenget Løvold vel og oversjå, er at sentrum består av meir enn butikkar. Bypatrioten laga i 2018 ein sentrumsrekneskap, om Løvold er så bekymra for sentrum som han gir uttrykk for, bør han kjenne det godt. Frå 2015–2018 auka talet aktørar på gateplan med 13 %. Bedrifter kjem og går, men trenden er god. Utruleg nok skjedde det under avrettar Eva og Arbeidarpartiet sitt styre.

I 2018 vart det gjennomført 446 kulturarrangement med over 200 000 publikum. I snitt drog konsertane aleine inn 850,- per innbyggar, dobbelt så mykje som resten av landet. Når ein legg til at veksten i innbyggarar i sentrum frå 2001 til 2018 var på 22,7 %. Og at delen under 30 år aukar stadig, ser det utvilsamt positivt ut. I tillegg er det ei rekke prosjekt i privat og offentleg regi som gir byen mangfald, aktivitet og lys i vindauga.

Så spørst det om bypakka vil snu heilt om på den positive trenden og at folk her, i motsetnad til resten av verda, plutseleg er mot urbane kvalitetar. Men jamfør framskrivingane, skal over 50 % av veksten i fylket fram til 2036 kome i Ålesund, så eg trur ikkje heilt på det.

Erfaringar frå andre byar viser at folk er glade i godt kollektivtilbod, trygg skuleveg, mindre rushtrafikk og mindre utslepp. Liknande resultat ser vi allereie i Ålesund. Det er vi i Arbeidarpartiet stolte av.