Styret i Ørsta mållag har merka seg planane til Sparebank 1 Søre Sunnmøre om mogleg fusjon med Sparebank SMN med hovudsete i Trondheim. Mållaget har inga meining om den eventuelle fusjonen, men ønskjer å kommentere saka.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre, som Volda og Ørsta Sparebank tidlegare, har vore ein bank med medviten bruk av nynorsk både i nettbanken, i presentasjonar for einskildkundar, elevgrupper og offentlege organ, og elles. Dette set styret i Ørsta mållag stor pris på. Ørsta er ein stor landkommune der om lag 100 % av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovudmål. Kommunane på Sunnmøre er nynorskkommunar, og på Søre Sunnmøre er nynorsk skriftspråket til dei aller fleste. Det er dermed umåteleg viktig både for born og unge og for oss som er eldre, at sparebanken held fram som nynorskbank.

Altfor ofte ser ein at nynorsken taper i samanslutningsprosessar som strekkjer seg over større geografiske område og knyter ein tettare til større byar. At Sparebank 1 Søre Sunnmøre gjev positive signal om å halde på nynorsken i eit nynorskområde, synest vi er gledeleg, og vi håper dette får tilslutning i bankens styrande organ.

Ørsta mållag har bede styret og generalforsamlinga for Sparebank 1 Søre Sunnmøre om at det i den endelege avtalen vert teke inn punkt som sikrar at kundane i Sparebank 1 Søre Sunnmøre også i framtida vil kunne nytte seg av banken sine tenester på nynorsk. Som eit minstemål må avdelingskontor i nynorskkommunar ha nynorsk som skriftspråk, og nynorsk må kunne vere førsteval i banken sine tenester, t.d. nettbanken.