Fleire av dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal har vore trua i mange år. Når Senterpartiet førre val fekk stor oppslutning, skulle dette snu og ingen linjer og skular skulle leggast ned, men slik vart det ikkje.

Den vidaregåande skulen i Vanylven vart den første som fekk smake på sparekniven til Senterpartiet. Skulen var eit godt tilbod for ungdom i Vanylven, som i dag må flytte på hybel for å gå på skule. Senterpartiet grunngjev det heile i økonomi, men når ein samstundes ser eit stort overskot for fylkeskommunen er nedlegginga tragisk.

Vi har vore heldige i Møre og Romsdal og hatt fleire YSK (Yrkes og studiekompetanse) linjer. Desse linjene er ein gåvepakke for dagens unge. Det er ei fireårig linje der ein arbeidar delar av veka og har studieløp samstundes. Når ein er ferdig har ein både fagbrev og studiekompetanse. Vi treng fleire med meisterbrev og fagbrev i framtida, fordi ein med meisterbrev som også har fagbrev har ei heilt unik kompetanse. Derfor er det trist at fleire av YSK linjene vi hadde i Møre og Romsdal berre vart fjerna med eit pennestrøk av Senterpartiet. Vi i Framstegspartiet vil styrke desse linjene og opprette fleire.

Den vidaregåande skulen treng eit fornyande løft. I dagens samfunn er den vidaregåande skulen nøydt til å følgje næringslivets behov. Kanskje ikkje det er musikk, dans og drama fylket skal styrke når næringslivet satsar på både det maritime og reiseliv? Vi treng fleire linjer som rettar seg direkte mot næringslivet som ropar etter desse linjene og står med opne armar for å ta inn lærlingar og elevar i praksis.

I det komande valet har veljarane endeleg moglegheita til å få ei politisk leiing i fylket som tek elevane på alvor og tenkjer framover. Vi i Framstegspartiet vil styrke den vidaregåande skulen med moderne linjer og betre løysingar for elevane. No er det elevane sin tur.