Denne gangen er det ikkje tilbodet på hovudsambandet Årvik-Koparnes som er foreslått redusert, men ei heil ferjekai skal jamnast med jorda og anløp Åram takast ut av dagens rute 01 Åram-Voksa-Kvamsøy-Larsnes.

Samferdselsavdelinga har i dette høvet vitja kommuneadministrasjonen i Vanylven, men utan orientering om spesifikt tema på førehand. Overraskinga var difor stor når hovudsaka var forslag om å fjerne eit viktig ferjesamband for både øy- og fastlandsbuande, med høyringsfrist 15.12. I høyringsskrivet klarer Møre og Romsdal fylkeskommune ved samferdselssjefen å ytre m.o.a fylgjande: «ved å gå utanom Åram vil reisetida mellom øyene og fastlandet bli redusert, samtidig som det opnar for at ferja kan ta fleire rundturar». Samferdselssjefen hevdar her at ein ved å gå utanom Åram, rundtur mellom øyane Kvamsøy, Voksa og Larsnes, som også er lokalisert på ei øy, oppnår at reisetida mellom øyane og fastlandet blir redusert. Det har samferdselssjefen heilt rett i, for om ferja går utanom Åram så er der ikkje ferjesamband til fastlandet i det heile.

Det vert uttalt at sidan vi mister moglegheit for å ta bestillingsnattferja på Åram, så kan Vanylven få kompensert med tilsvarande bestillingstur Årvik-Koparnes, men ikkje fleire avgangar på dagtid for det er visst både dyrt og vanskeleg å organisere. Ja, kven trur at det å legge ned eit ferjetilbod vil føre til betre kommunikasjonsårer for alle som reiser til å frå Vanylven på skule og jobb? Friskt i minnet er nedlegginga av Herøy VGS, avd. Syvde, då fekk Vanylven mange lovnader om betre fylkeskommunalt kollektivtilbod, medan resultatet er ytterlegare forverring av tilbodet.

Vanylven og nærområda på Søre-Sunnmøre kan kallast bu- og arbeidsmarknadsregion i ordets rette forstand. Svært mange pendlar til og frå kommunen og sett i lys av folketalet, så er trafikktalet på ferjesambanda langt over talet på bilar som frekventerer f.eks. Molde-Vestnes på dagleg basis. Vanylven er ei stor kommune i areal og bilen er eit nødvendig framkomstmiddel for dei fleste, og så lenge døgnope brusamband endå ikkje er på plass så må både kai og ferje fortrinnsvis vere til stades, for fastland som for øy.

Eg mistenker samferdselsavdelinga for å velje minste motstands veg – ved å stadig foreslå å leggje ned ferjetilbodet (vegen) til dei som bur lengst ifrå der makta rår.