I eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten kjem ordførar Eva Hove og varaordførar Viktor Valdal i Fjord kommune med innspel til planarbeidet for E39/E136 Digernesskiftet-Ørskogfjellet.

Det kan sjå ut til at forfattarane er ute etter å få vegen til størst mogeleg fordel for Fjord kommune, utan tanke på kva for ulemper deira forslag gir for andre stader langs den planlagde vegen.

Så vidt eg kjenner til saka, er det planlagt på- og avkøyringar frå nye E39 på Digernesskiftet, i Dragsundet og på Ørskogfjellet. Kollektivtrafikken og anna biltrafikk må også framtidig fylgje eksisterande vegar der folk bur, og kople seg på nye E39 på dei stader dette vert tillaga for, og dei som skal nytte til dømes fjernbussar til og frå Molde, må stige på og av på eit av slike tilknytingspunkt. Slik er det også i dag, der ein har samla nokre tilkoplingspunkt for kollektivtrafikken, som til dømes Sjøholt, Digernesskiftet og Moa. Kvifor fjernbussar framtidig absolutt bør gå via Sjøholt, og ikkje ta på og setje av passasjerar på eit av dei planlagde påkoplingspunkta, er det kanskje berre forfattarane som skjønar. Når det gjeld biltrafikken elles frå Fjord kommune, seier dei at det er viktig at påkoplinga til den nye veglinja vert så langt nede i Landedalen som råd. Kvifor det?

Om bilar til dømes frå Stordal, som skal vidare til Molde, eller kollektivpassasjerar som skal same vegen, køyrer opp Landedalen på eksisterande veg, opp til området Fjellstova eller litt lengre nede i dalen, og koplar seg på nyevegen den eine eller andre staden, er for meg hipp som happ. Tilsvarande for dei som kanskje vil bruke nye E39 vestover. Dei må då køyre til Dragsundet eller Digernesskiftet og kople seg på nye E39 der. Det er ikkje her ulempene og utfordringane ligg. Alle eksisterande vegar både må og skal vere slik dei er i dag. Dei vil berre få mindre trafikk av di fjerntrafikken då vil gå på nye E39. Forfattarane vil også ha ei ny vegline som vert så mykje billegare at ein kan nytte dei innsparte investeringsmidlane til å utbetre E136 opp Romsdalen. Utbetring og/eller omlegging av E136 i Romsdalen har ingen ting med strekninga Digernesskiftet til Ørskogfjellet å gjere, og bør av den grunn heller ikkje takast med som saksargument for ny vegline for E39 på nemnde strekning.

Ettersom forfattarane vil at den nye E39 i hovudsak skal fylgje noverande veg, finn eg det noko ulogisk då å foreslå tunnel på strekninga Apalset til Landedalen, bak Sjøholt sentrum. Kvifor skal her vere tunnel, når dei ikkje synest at det er behov for tunnel på strekninga Svorta til Håhjem? Det er den smalaste og vanskelegaste staden på heile vegstrekninga. Ein ny veg som fylgjer noverande vegline, ikkje berre vil øydelegge heile bygda, men også påføre oss som bur her ulempene med støy, forureining osv. Kvifor skal dei som bur på Sjøholt få tunnel forbi, og ikkje vi på Svorta/Valle/Håhjem? Kvar er logikken her?