Det er med stor glede vi les at lagretten har gitt Øvrelid-søskena medhald i saka mot Ulstein og Hareid kommunar. Det er ein siger for rettferda når dommen slår fast at omsorgssvikt frå barnevernet kan gi skadar som ikkje viser seg før i vaksen alder, og at saka til søskena difor ikkje er forelda. Urett går ikkje ut på dato.

Dette er ei sak som aldri burde hamna i rettsapparatet. Raudt meiner at kommunane skulle ha erkjent sitt ansvar og gitt søskena oppreising før saka kom så langt.

Ordføraren i Ulstein seier til Vikebladet at kommunen førebels ikkje har tatt stilling til om saka skal ankast. Raudt Ulstein vil på det sterkaste oppmode kommunen om å ikkje anke saka. I staden bør Ulstein kommune gi søskena ei vilkårslaus orsaking og erstatning for den omsorgssvikta dei har opplevd.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!