Ved folkerøystinga om deling av Ålesund kommune kunne vi som kjent stemme for:

  • Ålesund, dvs. å framleis vere i Ålesund kommune

  • Haram, dvs. å reversere tvangssamanslåinga av Haram i Ålesund kommune og den urett og det svik vi var utsett for.

Å reversere tvangssamanslåinga vil seie å gå tilbake til Haram slik kommunen var og berre det.

Resultatet av folkerøystinga må karakteriserast som ein knusande siger med om lag 72 prosent av stemmene for å splitte kommunen. Rett nok var dette ei rådgjevande folkerøysting, men med dette solide resultatet burde det ikkje vere tvil om vegen vidare.

Vi ser likevel at det har kome innspel både frå enkeltpersonar, mindre grupperingar og faktisk også frå administrasjonen om endring av kommunegrensene ved ei eventuell splitting. Slik eg har forstått det, så er det slett ikkje det vi har stemt over. Slike innspel skaper både uro og harme, og får fokuset bort frå det som dette verkeleg dreier seg om.

Innspela er brukt for å gjere heile saka vanskeleg, slik at kommunestyret skal lande på Ålesund.

Når det gjeld valresultatet så er det også enkelte som har klart det utrulege med å rekne det faktiske valresultatet mot valdeltakinga, og kome til eit prosentvis fleirtal langt nede på 40-talet.

Så langt eg kjenner til, er det berre faktiske stemmer som gjeld. Dei som ikkje har røysta eller dei som har røysta blankt, kan ikkje takast til inntekt for nokon av partane. Utspel som dette er i beste fall useriøse, og er mest eigna for å skape uro rundt prosessen.

Og for å ta det litt vidare: det skulle ta seg ut om det vart lagt same tankegang til grunn ved stortingsval med det til følgje at fleirtalet ikkje fekk regjeringsmakta.

Det er med stor undring og uro eg registrerer at administrasjonen har eit framlegg til vedtak som er imot reversering av kommunesamanslåinga. Dette oppfattar eg som total mangel på respekt for politiske prosessar og for valresultatet, og det minner meg mest om eit diktatorisk opplegg.

Til slutt vil eg uttrykke mitt håp og mi tru til at kommunestyret, dei folkevalde i eit folkestyre, er sitt ansvar bevisst og lyttar til folket si klare røyst og let oss sleppe meir urett og svik. Å gå for ei anna løysing vil fort skape politikarforakt og sviktande tillit til lokaldemokratiet.