Det har oppstått ein aldri så liten krangel om dyrevelferd mellom Kristin Sørheim og Geir Pollestad, begge frå Senterpartiet, etter at sistnemnde mellom anna gjekk ut mot «nye krav ut frå innfallsmetoden» frå mellom anna Venstre, Høgre og Frp.

I irritasjonen påstår Sørheim at partiet aldri har vore gode på dyrevelferd, men å krangle slik om dyrevelferd internt i Senterpartiet er heilt unødvendig. Sørheim veit like godt som eg at Senterpartiet er den største politiske pådrivaren for å betre vilkåra for landbruksnæringa og bøndene. Vi skal tette inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper i samfunnet, fordi vi veit at lønsemd er nødvendig for å sikre matproduksjonen – og ikkje minst også for å sikre god velferd både for bonden og dyra hennar.

Vi har allereie løfta nivået på investeringsmidlane for å gjera det mogleg også for fleire små og mellomstore bruk å gå raskare over til lausdriftsfjøs i staden for båsfjøs for husdyra. Mattilsynet har fått 30 millionar meir på årets statsbudsjett. Alt dette er ein føresetnad for god dyrevelferd.

Vi er også allereie i gang med ein annan kjempeviktig jobb for å betre dyrevelferda, nemleg gjennom den varsla stortingsmeldinga om dyrevelferd.

Dette har sjølvsagt også Kristin Sørheim fått med seg. At ho let seg provosere av Geir Pollestads påstandar om opposisjonen er synd, men verken det ho seier eller det Pollestad skriv endrar på det faktum at Senterpartiet er forkjemparar for framskritt på dette feltet. Det er heilt vanleg at regjeringar som er i gang med arbeidet på eit felt stemmer mot forslag frå opposisjonen som ikkje er sett i ein større fagleg samanheng.

Landbruksminister Sandra Borch har nemleg for lengst gått ut med at regjeringa vil fremme ei eiga stortingsmelding på dyrevelferdsområdet. Dyrevelferdsmeldinga skal ta for seg det store spennet mellom produksjonsdyr på land og i sjøen og kjæledyr, noko som er nytt.

Eg var såkalla saksordførar for den saka som Stortinget nyleg behandla, det vil seie at eg var den som var ansvarleg for saka i næringskomiteen. For oss i Senterpartiet og Arbeidarpartiet sin del er det viktig å understreke at vi ikkje stemte ned forslaga frå Venstre fordi vi er mot å betre dyrevelferda, men fordi vi meiner det er grunn til å sjå langt grundigare på problematikken. Vi ønskjer eit kvalifisert, fagleg arbeid som grunnlag for så viktige vedtak i Stortinget.

Høgre, Frp, Raudt og Venstre gjekk inn for å auke strafferamma for brot på dyrevelferdslova, men utan å vurdere heilskapen og utan tanke på om andre tiltak kan ha betre effekt for dyrevelferda. Dessutan, om problemet er at enkelte i dag ikkje klarer å overhalde dagens reglar, er det jo ikkje sikkert endå strengare reglar er svaret. Det heile står fram slik sett som lettvint og lite gjennomtenkt.

Litt unødvendig krangling kan vi tole, men det viktigaste er at Senterpartiet skal halde fram med å vera pådrivarar for betre dyrevelferd. Då vil vi gjera det på bakgrunn av gjennomtenkte forslag til forbetringar, noko den varsla dyrevelferdsmeldinga skal bidra sterkt til.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!