Det som er i ferd med å kunne skje, er rett og slett eit «bompengeran». Dersom innbyggarane i heile Møre og Romsdal, skal måtte betale over 600 kroner ein veg for å kome seg frå Ålesund til Halsa, så er dette overhode ikkje akseptabelt.

Berre den planlagde E39 traseen frå Digernes og forbi Molde, er anslått til mellom 4–500 kroner ein veg. I dag kostar ein bil over Moldefjorden 76 kroner med rabattkort, og det vert bortimot latterleg å snakke om utvida «bu- og arbeidsmarknadsområde» med slike summar.

Ingen, absolutt ingen, kan då bu i til dømes Molde og arbeide i Ålesund og omvendt. Fram mot 1000 kr pr. dag i bompengar er ein vits å tenke på.

At innbyggarane her i fylket skal bli flådd med bompengar for å køyre igjennom fylket, vil fort føre til at Tresfjordbrua blir nedbetalt i rekordfart og dei fleste kjem til å bruke Romsdalen og Dovre mot Trondheim.

Slutten på gigantprosjekt

Autonome ferjer har også kome på banen for fullt. Dette vil om kort tid verte ein realitet som kan nyttast i fjordkryssingar. Derimot i farled 3 samband som til dømes Smøla og Nordøyane, vil nok dette ikkje vere mogeleg av fleire grunnar.

Eg trur at bompengenivået som seglar opp i dei gigantstore fjordkryssingsprosjekta som til dømes på ferjefri E-39, raskt kan vere starten på slutten for desse gigantprosjekta. Kostnadane må drastisk ned på desse prosjekta er beskjeden frå styresmaktene

Dette i tillegg til at enkelte tviheld på å unngå utgreiing av smartare, billigare, tryggare og meir miljøvennlege alternativ over Romsdalsfjorden, garantert vil føre til at nullutsleppsfartøy og moglege autonome fartøy kjem på banen.

Flytebruer slik som Romsdalsaksen planlegg, er etter mitt begrep det einaste framtidsretta alternativet til nye nullutsleppsferjer.

Alle må vere klar over at dersom ein reduserer overfartstida til 30 min over Romsdalsfjorden og med fleire ferjer og 15–20 m avgang, er ein forbi Molde om lag like raskt som via Møreaksen frå Vik, til Julsundet og forbi Molde.

Kostar mindre

Dei som vil forstå dette, forstår det.

Totalt sett må kostnadane for folk flest for å kunne ferdast rundt om i fylket haldast på eit lågast mogleg nivå. Dyre bypakkar i kombinasjon med større vegprosjekt kan raskt ta knekken på fylket og næringslivet som vi er så avhengige av.

Einaste unntaka vil vere fjordkryssingsprosjekt slik som Nordøyvegen, der bompengetaksten er lik ferjebilletten, og der innbyggjarane og næringslivet ynskjer å betale dette.

Eg reiser debatten, kvar går grensa for kva innbyggarane og næringslivet skal betale i bompengar?

Kva kan vi akseptere for kostnad for å køyre frå Vanylven til Halsa, Ålesund til Halsa?

Korleis kan nokon meine at det berre er å « klaske på» hundrevis av kroner i bompengar for å krysse til dømes Romsdalsfjorden, når det er kjempestore protestar i befolkninga når ei eller to takstsone vert auka i ferjeruter her i fylket?

To takstsoner vart auka på ulike plassar i fylket og til dømes ruta Stranda-Liabygda i sommarhalvåret pga. ekstra ferje.

Sju kroner for passasjer og 14 kr for bil vart auken som førte til massive protestar. Omfattande protestar vart det også spesielt i Søre Sunnmøre.

Kva protestar kjem frå innbyggjarane og næringslivet når det plutseleg er 4–500 kr i auke for å kome seg nordover i fylket frå dette området dersom Møreaksen vert bygd?

No er det viktig at folk flest og næringslivet er klar over kva son kan skje, og klart seier si meining om dette gigant « bompengeranet» som faktisk kan bli ein realitet. Vi betalar nok i bil og vegavgifter slik som det er, og trenger ikkje haugevis med bompengar i tillegg.

FRANK SVEFylkesleiar Møre og Romsdal Frp

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

foto
Frank Sve, fylkesleiar Møre og Romsdal Frp. Foto: Jeff Gilbert