Den «uomtvistelege» støtta til Ukraina set eg spørsmålsteikn med. For ord og handlingar harmonerer ikkje heilt med kva vi ser Raudt gjer på Stortinget.

Hauge påstår også at KrF har gjort same snuoperasjon som Raudt. Då må eg spørje: Kva for ei heilomvending? KrF har støtta opp om våpenhjelp sidan 28. februar 2022. Tett på eit år, og ikkje som Hauge påstår; vore mot våpenhjelp «for få månadar sidan»

Det tok oss fire dagar etter krigen braut ut, og ein såg alvoret av den, til KrF vurderte at våpenhjelp var rett. Brutaliteten av Putin si krigføring og målretta angrep mot sivile på ein skala ein ikkje har sett sidan 2. verdskrig, gjorde det naudsynt å gå vekk frå prinsippet om våpensal til land i krig. Men med meir like premiss på slagmarka. Ukraina hadde tapt sin forsvarskrig etter kort tid hadde det ikkje vore for våpenhjelpa dei fekk i starten på krigen. KrF var saman med Venstre dei første partia til å lande på støtte til våpenhjelp og deretter følgt av resten av Stortingspartia, utanom Raudt.

Raudt stod åleine då, og står framleis åleine om å ikkje ville støtte Ukraina si forsvarskamp med våpen. Raudt har to gongar røysta mot våpenhjelp på Stortinget, og vart ståande utanfor forliket i Ukrainapakken som Stortinget vedtok den 16 februar.

Denne historiske hjelpepakka er på 75 milliardar kroner totalt. Fordelt på 15 milliardar i 5 år, der i år halvparten skal gå til våpenhjelp, og andelen justerast etter behov vidare.

Det er våpenhjelp som Ukraina bed om, og det er denne våpenhjelpa var grunnen til at Raudt vart sendt på gangen i det som elles var eit samla forlik på Stortinget.

Også Uttalelseskomiteen til Raudt meiner det ikkje er rett at Noreg hjelper Ukraina ved å sende våpen.

Raudt står for sin vedtatte politikk. Og sentralt viser dette i handling, trass i at partiet har ulike meiningar internt. Partiet er på kollisjonskurs både med seg sjølv og sine eigne veljarar når opp mot 2 av 3 Raudt-veljarar støttar våpenhjelp (Opinion 16. februar).

At Raudt kanskje er i ferd med å snu i sitt standpunkt er bra, men sjølv om lokallag i partiet støttar våpenhjelp, endrar det ikkje det faktum at Raudt sentralt med Bjørnar Moxnes i spissen er mot våpenhjelp.

Det blir ei dobbelkommunikasjon til veljarane å påstå noko anna.