Nynorskdagen er ein nasjonal markeringsdag for nynorsk. Noregs Mållag og Norsk Målungdom inviterer alle i Noreg til å skrive nynorsk 12. mai.

Kvifor markerer me nynorskdagen kvart år 12. mai? Mange veit, når dei får tenkt seg om, at det er datoen for dagen då Stortinget i 1885 vedtok, med 78 mot 31 stemmer, at dei to norske språka som me i dag kallar nynorsk og bokmål, skulle ha lik status som offisielle språk i Noreg.

Dette vedtaket vart arbeidd fram av målfolk og Venstre-politikarar, som mellom anna skipa til folkemøte rundt om i landet der dei laga resolusjonar til støtte for landsmålet. Dei lukkast med å få landsmålssaka opp i Stortinget, i to omgangar, først om undervisning i landsmål for lærarar, og so saka om likestilling mellom dei to språka.

Det er 139 år sidan desse gilde landsmålsdagane i Stortinget.

Er dei to språka verkeleg likestilte i dag? Svaret er, som alle veit, nei, dei er ikkje det. Som for 140 år sidan, og vel so det, kjempar nynorskaktivistar omtrent kvar dag for språkrettane sine og for reell likestilling med bokmål på alle område: i opplæringa frå barnehage til høgskule og universitet, på alle plan i forvaltninga, i NRK osb.

Men den målretta innsatsen til nynorskaktivistane fører jamt og trutt til framsteg som kjem dei rundt 600.000 menneska i Noreg som har nynorsk som sitt språk, til gode.

I desember 2021 vedtok Stortinget Lov om språk (språklova), der det i føremålsparagrafen vert slått fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje det nynorske språket; det mindre brukte av dei to norske språka. Dette er eit viktig fundament for nynorsk, tufta på demokratisk tenking.

Og me gler oss over å møte meir nynorsk over alt: lokalavisene i nynorskkommunane er på nynorsk, og i regionsavisene, til dømes i Sunnmørsposten, kan ein lese stadig meir redaksjonelt stoff på nynorsk. Sameleis i riksavisene. NRK greier enkelte år å nå kravet om 25 % nynorsk. Mange næringsverksemder i nynorskkommunane nyttar nynorsk i marknadsføringa si som Lerum, Union Hotell i Geiranger, Union Hotell på Øye og mange fleire små og store verksemder.

Mange av dei fremste forfattarane våre skriv på nynorsk. Nynorske barnebøker vinn prisar. Nobelprisvinnar Jon Fosse takka nynorsken – og heile Noreg takkar Jon Fosse. Me har glimrande nynorske teater, og Det Norske Teatret fekk nett, etter godt arbeid og med hjelp frå andre nynorskkrefter, 9 millionar kroner ekstra frå regjeringa i revidert nasjonalbudsjett.

Me har nynorske institusjonar og organisasjonar: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret), Nynorsk kultursentrum, Nynorsk bedriftsforum osb.

Og Ålesund kommune er ein tospråkleg kommune med rundt 1600 nynorskelevar, og soleis ein av kommunane med flest nynorskelevar. Eit viktig ansvarsområde for skuleeigaren Ålesund kommune.

Skriv meir nynorsk!