I samband med forslag til trasé gjennom Solnørdalen, som er eit einaste stort fredingsområde (Solnørvassdraget), med tre ulike verneområde.

  • Nasjonalt barskogvern frå 2007.

  • Elva er nasjonalt verna.

  • For nokre år sidan, gjekk Skodje, Ørskog og Vestnes saman om kommunal verneplan for vassdraget, for å hindre forureining.

Det vert nemnt at traséen forbi Dragsundet også er vanskeleg (på grunn av den gamle vegstasjonen til Staten vegvesen, som er nasjonalt freda). Difor synest eg der må vurderast eit anna forslag.

Om der blir laga bru mellom Håhjem og enten Rotneset eller Ryddingsneset, fjernar vi problemet med Dragsundet. Om der vidare vert tunnelinnslag vest for Gaupefloget, kan ein gjere nytte av ei strekning med god vegstandard, som ikkje er mange år sidan vart rusta opp.

Denne tunnelen kan gå direkte til Landedalen, der vi i skrivande stund rustar opp vegen med krabbefelt over Ørskogfjellet, og som straks er ferdig. Til dette krabbefeltet vart det sett av 70 millionar som rett og slett vert kasta ut vindauget, viss denne vegen skal gå ut av bruk om kort tid.

Med tanke på alle problema som oppstår ved eventuell veg gjennom Solnørdalen, og alle omsyn som må takast i alle retningar på grunn av fredingsreglane, er eg rimeleg sikker på at vegen der blir like kostbar som å bygge tunnel gjennom Liafjellet.

Korleis skal vi til dømes løyse problemet med salting av vegen om vinteren? Vegsaltet kjem til å komme ned i elva, då er det slutt på elvemuslingen. Korleis skal vi kunne bygge ein veg for framtida, som ikkje kan saltast?

Fordelar med mitt forslag er mange: Vi slepp å berøre

  • eit stort område gjennom Solnørdalen som er freda.

  • som inneheld mange artar på raudlista.

  • eit rikt dyreliv og fauna som er eineståande på våre kantar (blant anna blant det nordlegaste vekseområdet for barlinden).

  • eit stort hjortetrekk, som går mellom Solnørdalen og Fylling, vidare til Engesetdalen.

  • samt at både industri og bustadområde i Furlia kan utviklast vidare.

Vidare slepp vi problemet med kryssinga av Dragsundet, med Statens vegvesen sin nasjonalt verna vegstasjon.

  • Vi får gjenbruk av delar av vegen mellom Rotneset og Gaupefloget.

  • Vi får bruke veg over Ørskogfjellet som allereie er under opprusting.

  • Vi får eit langt strekke med tunnel som er problemfritt om vinteren.

  • Vi har allereie eksisterande lokalveg til Sjøholt frå begge sider av tunnelen.

  • På austsida er det kort veg til eksisterande veg mot Stordal og Valldal, over Giskemo.

Problemet med at tunnel er for dyrt, ser ikkje ut til å vere like stort i mange andre område som skal rustast opp.

Ifølgje Statens vegvesen sin uttalelse på kdu-møtet i Ørskog same dag, «skal vegen gjennom Solnørdalen byggjast på billigast mogleg måte. Dette har vi fått i oppdrag.». Fyllmassen skal ikkje eingong fjernast, men ligge att som eit ope sår i naturen(!).

Eg stiller meg uforståande til slike utsegner.

I tillegg meiner eg at den ekstrakostnaden som eventuelt skulle bli med tunnel gjennom Liafjellet kontra å rasere Solnørdalen, den må vi rett og slett ta oss råd til å bruke! Verdien av alle dei freda artane som evt vert ramma, kan ikkje målast i pengar.