Kystverket sitt lesarinnlegg, underskrive av Harald Tronstad, syner at det er stor avstand frå eit skrivebord i Ålesund til fyrmuseet og lokalsamfunnet i Dalsfjorden. Me registrerer at det gjentekne gongar vert hevda at det er Dalsfjorden fyrmuseum (DFM) som trekkjer seg ut av museumssamarbeidet med VITI, og dermed også samarbeidet med Kystverket.

DFM har heile tida vore klare på at me ynskjer eit samarbeid med Kystverket, noko som burde vere sjølvsagt då samlinga vår på over 320 registrerte gjenstandar representerer den viktigaste enkeltsamlinga kopla mot Kystverket og opphavet til Fyr- og merkevesenet.

Me vil her minne om at det var VITI som sa opp driftsavtalen med DFM. Vilkåret for vidare samarbeid innebar fusjon, som igjen kravde at stiftinga løyste seg opp og sa frå seg eigarskapen til samlinga.

Fleire lokalmuseum har mista tilliten til VITI sidan regionmuseet i ei årrekkje har prioritert sentralisering og nedprioritert lokal drift av musea. Å overlate eigarskapen og råderetten til ein institusjon som så tydeleg sentraliserer, ville vere i strid med alt dugnadsarbeid som er lagt ned i museet lokalt.

Då Kystverket gjorde det klart at det var uaktuelt å samarbeide med eit museum som ikkje er konsolidert, vedtok DFM å konsolidere med den nye stiftinga/overbygninga for lokalmusea på Sunnmøre. Denne består no av seks museum som opplever den same problematikken rundt VITI si framferd i konsolideringsprosessen. Saman har den nye stiftinga vorte samde om ein desentralisert modell som tek i vare lokal eigarskap og dermed framtidig engasjement og dugnadsånd.

No har VITI fått fri bane, med Kystverket som oppdragsgivar, til å fjerne gjenstandar, belysning og utstilling frå museet vårt.

På den uannonserte dagen for flyttinga av nemnte gjenstandar, møtte det opp representantar frå DFM. Dei fekk då beskjed frå Kystverket sin representant om at dei var uønskte i lokalet, og måtte forlate det med ein gong. NRK sin journalist fekk same behandling, og vart nekta å filme eller fotografere operasjonen i lokala.

Dette vitnar ikkje for oss om ein open prosess rundt flyttinga, snarare om eit forsøk på å skjule rasering av utstillinga og vanskeleggjere oversikta over kva som vart fjerna. Me har allereie observert fleire manglande gjenstandar i forhold til det som var avtalt med Kystverket på førehand, og bed om at desse vert returnert.

Eg registrerer at Tronstad skryt av at linsa på sin nye midlertidige plassering på Alnes, kan nå så mykje som 40–60 000 besøkande i året. Me forstår at besøkstal kan verke som eit forlokkande argument for sentralisering av museumssamlingar, men om dette er det einaste målet for museumsformidling, burde ein kanskje sende linsa attende til Japan?

Eit museums-samarbeid og ei overbygning som viser interesse for levande lokalmuseum, i sine autentiske omgjevnader, er i tråd med museumsmeldinga frå Kulturdepartementet (2020–2021) som har undertittelen «Tillit, ting og tid».

Me håper Kystverket i framtida kan hugse si historie og støtte opp om den første og eldste kystverksamlinga, som me også i framtida ønsker å vise fram og formidle her i Dalsfjorden.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!