Ilustrasjonsfoto. Foto: Shutterstock

Legaliseringstilhengjarane har ikkje gitt opp, sjølv om Stortingsfleirtalet sa nei.

Eit rundskriv frå Riksadvokaten gjer no at politiet vegrar seg for å ransake brukarar av narkotika, og dermed også dei småseljarane som ungdommane møter.

Politiet som tidlegare hadde makt og mynde til å avdekke bruk, er no blitt effektivt knebla. I sak etter sak i media blir politiet framstilt som brutale bøller. Sjølv om det sikkert også i politiet finst brotne greiner, har vi truleg nokre av dei mest humane politifolka i verda.

Bruken av ruskontraktar har også gått kraftig ned. Når helse og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i Stortinget blir spurt om ho er bekymra for at talet på ruskontraktar har stupt, svarer ho mellom anna slik: «Men jeg har likevel stor tillit til at både politi, helsesykepleiere, sosialarbeidere og andre fagfolk har kunnskap og kompetanse og tar i bruk metodikk som gjør at de kan forebygge narkotikabruk og motivere unge til endring – utan å måtte bruke tvang og integritetskrenkende virkemidler». (29.06.22)

For ei undervurdering av kva slags krefter vi har med å gjere! Det finst ingen enkle «prate-metodar» som kan stoppe ein ungdom som har fått smaken på rus. I praksis står foreldre stort sett heilt åleine når dei oppdagar at ungane deira rusar seg. Erfaring viser også at foreldre gjerne er uvitande om bruken svært lenge. Ofte så lenge at vegen tilbake er stengt.

Dei unge er sårbare for propaganda, og har ikkje fått bygd opp nødvendig skepsis mot enkle og lettvinte argument. I over femti år har legaliseringsrørsla terpa på det same. «Dei vaksne drikk alkohol. Det er mykje farlegare enn cannabis». «Det er dei som har problem frå før som blir avhengige». «Det går an å bruke narkotiske stoff på ein trygg måte» osv.

Ungdom som bruker stoff, trur nok ikkje på at faren for avhengigheit og psykose gjeld dei. Vi trudde heller ikkje at faren for lungekreft gjaldt oss då vi begynte å røyke i 15–16-årsalderen.

Det er skremmande å sjå kor velorganisert og målretta bagatelliseringa og marknadsføringa er. Ja, for det er marknadsføring det er snakk om. Marknadsføring av haldningar og meiningar, men også konkret marknadsføring av narkotiske stoff. Og bakom syng narkotikaindustrien og alle dei som siklar etter legalt å kunne få investere i denne aukande marknaden som garantert ville gi dei ei enorm avkastning.