Konservativt endra i november 2022 namn frå Partiet de Kristne til Konservativt.

Eit politisk parti treng tilslutning for å kunne oppnå påverknad. Vi ønsker å nå ut om kva vi meiner er viktige for eit kvart lokalsamfunn, den enkelte og ikkje minst for neste generasjon. Det er mitt håp at fleire og fleire forstår kva som er i ferd med skje rundt oss. Derfor treng vi ein politikk som tar menneskes livssituasjon på alvor og ein politikk som er solid forankra i eit verdifundament som står seg over tid.

Konservativt vil bygge på og verne om familien som er grunnsteinen for dei fleste siviliserte samfunn. Kristendomsundervisninga er i realiteten blitt fjerna frå all opplæring i skoleverket og barnehage, sjølve verdifundamentet som vi over lang tid har bygd samfunnet på. Vi er derfor klare på at kristendomsfaget på ny skal vere eit obligatorisk fag i norsk skole. Vi snakkar ofte om vestlege verdiar og det er i realiteten kristne verdiar. Vi vil erstatte radikal kjønnsideologi med kristen verdibasert undervisning.

Undervisninga i barnehage og skole som sår tvil i barns sinn om kven dei er og kva kjønn dei har, ønsker vi ikkje.

Synet på det livslange monogame ekteskapet mellom kvinne og mann har vore den viktigaste byggesteinen for familien. Vi ser verdien i at barn skal kjenne sine røter og ha ein trygg oppvekst i lag med mor og far. Vi vil halde fram med å vere ei tydleg stemme for det ufødde barnet.