På Austlandet er det viktigare å spare tid, enn å spare pengar. Follobanen mellom Oslo og Ski kosta nærmare 40 milliardar kroner og skal redusere reisetida på strekket med 11 minutt. Vi får presentert ei lang liste over ferjeavgangar som skal kuttast, men samtidig skal det brukast meir enn 600 millionar kroner på å utvide sykkelvegnettet i hovudstaden vår.

I 2020 la Ap fram eit dokument med tittelen «By og land, hand i hand» som inneheld tiltak for ein betre distriktspolitikk. Då lova Jonas Gahr Støre at i ei eventuelt Ap-leia regjering skulle alle statsrådane få marsjordre om at politikken skulle gagne både land og by. Partiet skulle drive ein aktiv distriktspolitikk, og kjempe imot auka forskjellar mellom by og land.

Vi som bor langs kysten er heilt avhengige av ferjene. Kor mange er heilt avhengige av å bruke sykkel for å kome seg fram i Oslo?

Vi kan ikkje finne oss i å bli behandla ulikt og nedprioriterte, partia som styrer har lova at «no er det vanlige folk sin tur» og at «vi skal ta heile landet i bruk».