Eg også støttar at Midsund får fastlandssamband over Julsundet, men resten av prosjektet Møreaksen bør forkastast. Folk flest skal ikkje til Molde sentrum, men mellom Nordmøre og Sunnmøre, og då er det betre å kome i land lenger aust. Med Romsdalsaksen kjem ein i land frå Sunnmøre ein stad mellom Årø flyplass og det nye sjukehuset på Hjelset, og ein slepp å køyre innom Molde sentrum. Vegen frå Ørskog og fram til den flotte Tresfjordbrua vil vere det same for begge prosjekta. For reiser mellom Nordmøre og Sunnmøre er det ikkje tvil om at Romsdalsaksen er det beste alternativet.

Det er fylkestingsval i år. Vi reknar med at partia fortel oss kva syn dei har i denne saka, slik at vi får vite kva for parti som støttar Møreaksen, og som vi då ikkje bør stemme på, og kva for parti, som støttar Romsdalsaksen, og som alle på Nordmøre og Sunnmøre bør stemme på.