Ytringsfridom og folkestyre/demokrati brenn eg for. I 1991 meldte eg meg inn i Venstre fordi eg meinte det var ille at det partiet som kjempa fram folkestyret i Norge ikkje skulle vere representert på Stortinget. Eg brukte 16 år i kampen for «eit reelt og levande folkestyre» i lokalpolitikken. Eg håpte på at dette skulle også verte Venstre sin kamp, men slik gjekk det dessverre ikkje. Venstre har dessverre blitt eit meir liberalistisk parti enn Framstegspartiet – fri rus, sex og død. Det er ikkje denne fridomen eg brenn for. Slik eg ser det er denne forma for fridom styrt av egoisme og begjær som over tid er øydeleggjande for den enkelte og for samfunnet.

Eg trur der er ein skapar-Gud som elskar oss alle. Elias Vågnes trur dette er oppdikta eventyr og vil ikkje tru anna enn det som vitskapleg kan bevisast – det fysiske livet. Han er ein skarp kritikar og har mykje rett. Eg kjennar han ikkje personleg, men har høyrt at han er ein likandes kar. Eg vil nytte høve å takke Vågnes fordi han utfordrar oss som trur på Jesus sin bodskap. Han har mykje rett i kritikken av oss. Vi er ufullkomne og feilande menneske og har dessverre misbrukt Guds namn og Jesus opp gjennom historia, men Jesus sin bodskap til oss er like sann for det.

Slik eg ser det var Jesus ein fridom-kjempar. Det er ikkje tilfeldig at ytringsfridomen og livssynsfridomen er stort sett i dei kristne landa i verda. Elias Vågnes skriv: «Men ei ære skal Jefferson ha. Med grunnlova av 1776 er pressefridomen og det frie ordet sikra ei særdeles sterk stilling i det amerikanske samfunnet».

Inspirasjonskjelda til Jefferson var Jesus. Vågnes nemner «The Jefferson Bible». Sitat: «Alle overnaturlege hendingar og under, inkludert oppstoda, er redigert vekk». I Bibelstudieplan eg har, las eg for 30. mai. Dei skriv om store tenkjarar og at Jefferson var ein som argumenterte for udødelegdom. Kven som har rett tør eg ikkje å sei. Men det som kan vere tilfelle er at Jefferson meinte at Jesus sin bodskap ikkje er berre ei forsikring om eit evig liv, men ein bodskap som gjeld også for livet her på jorda. Marx skulda dei kristne for å drøyme om eit paradis etter døden framfor å skape eit paradis her på jorda. Marx ville at menneska sjølve skulle skape eit paradis på jorda utan nokon Gud. Ca. 100 år etter ser vi korleis det gjekk – Lenin, Stalin, Mao, Pol Pot og Kim-ane i Nord-Korea. Der var ikkje mykje ytringsfridom der og det vart slett ikkje noko paradis på jorda.

Konklusjonen min er at dersom du forkastar Gud fer vi menneske-gudar som skapar helvete på jorda. Men Marx hadde rett i at religionane – også kristendomen – har «misbrukt Guds namn» (det andre bodet) til si eiga makt og ære. Det var akkurat denne synda Jesus avslørte hos farisearane og dei skriftlærde då dei fekk han krossfest – fordi han var ein trussel mot deira makt og ære – ikkje not Guds makt og ære. Det same hendte med Hitler og kyrkja i Tyskland og no skjer det igjen med Putin og den russisk ortodokse kyrkja.

Det er vanskeleg og farleg for kristne å tale mot leiarane i si eiga kyrkje og lett for diktatorar å få folket med seg dersom dei har kyrkja sine leiarar med seg. Då er det godt å ha ytringsfridomen og dei som tør å kome med sann kritikk av det som er gale. Vi skal vere tru mot sanninga i kjærleik – ikkje fordøming! Det er ikkje lett og det kan koste. For Jesus kosta det døden på krossen, men det har blitt til løysepengar for oss og gitt oss fridom og gode samfunn.