At vatn ikkje blir igjen i dammen, men renn friskt i elva, er på ingen måte bortkasta. Det er alt for få elver som har ei varierande vassføring etter at dei er regulert. For svært mange elver med kraftverk er det no slepp av berre minstevassføring i store delar av året. Det er berre nokre få dagar i året at det går meir enn eit visst tal liter i sekundet i vassdraget. Det er berre dei største flaumane som kan likne litt på seg sjølv.

Ei uregulert elv og eit vassdrag har stor naturleg variasjon. Denne variasjonen gjer noko med vegetasjonen langs vassdraget. Grusbankar i elva kan flytte på seg. Store steinar kan også flytte seg viss flaumen er stor eller isen river. Finpartiklar blir med ut i sjøen før dei treff saltkorn og søkk til botnen.

Etter nokre tusen år blir dette til elvedelta, og etter endå nokre tusen år rasar delar av dette på sjøen i form av leirskred. Slam i sidevegetasjonen gjev naturleg gjødsling. Midt oppi alt dette lever det massevis av små og store dyr. Utan denne variasjonen blir livet mykje fattigare.

Neste gong du ser vatn som renn over damkanten, så gled deg over at ikkje alt vatn blir sendt i trakta nøye tilmålt, men at ein del av naturen framleis lever. Det har naturen bruk for, det har vi menneske godt av. Det er faktisk slik det eigentleg skulle ha vore.