Det er viktig for folk på Nordøyane at Fylkestinget må gå for alternativ 2A eller 2B med hurtigbåtanløp til Austnes på Haramsøya i sak om Nytt kollektivtilbod etter opning av Nordøyvegen som skal handsamast 20. juni. Saka var handsama av samferdselsutvalet kvar ein tydelegvis så heilt vekk ifrå at eit klart fleirtal i høyringsutspela tykkjer at alternativa 2A eller 2B er best, sidan dei gjekk inn for alternativ 1A.

Folk på Nordøyane er svært bekymra for konsekvensane om dei skulle miste tilbod om hurtigbåt. Raudt deler bekymringa, særleg omkring sikkerheitssituasjonen. Undersjøiske tunnelar er ofte stengt. Her er erfaringane frå til dømes Eiksundsambandet at slike bratte undersjøiske tunnelar ofte er stengde pga. bilberging, kondens og andre hendingar. Pendlarane, og spesielt elevane på vidaregåande som har fråværsgrense) er avhengig av ein trygg og føreseieleg reisemåte. Vidare av beredskapsomsyn er det særleg viktig å behalde ei kai der det kan stoppe hurtigbåt på Haramsøya om tunnelane skulle stengast over lengre tid.

Det er raskare å reise med hurtigbåt til Ålesund enn med buss. Kort og effektiv reiseveg er avgjerande for å få folk til å pendle. Det er også viktig å ha hurtigbåt slik at elevane lettare kan pendle til skuletilbod, og andre fritidsaktivitetar. Det å behalde hurtigbåten til Haramsøya er også viktig for næringslivet. Største arbeidsgivar er Northern Islands Technologies på Longva og fleire pendlar dit med hurtigbåt frå Ålesund. For å halde på konkurranseevna om viktig arbeidskraft, er det viktig å syte for kort, rask og sikker reiseveg for dei tilsette. Å ta hurtigbåt til Hamnsund og så buss vidare til Longva er eit alternativ som tar veldig lang tid, og gir mykje lenger pendlarveg enn i dag.

Vi må også tenke på ungdommen på øyane. Vi ønskjer at dei skal kunne pendle til skulane sine, vi ønskjer ikkje at dei skal måtte flytte på hybel for å gå på vidaregåande. Det viser seg jo at ungdom som bur heime medan dei går på vidaregåande har auka sannsyn til å også busette seg der som vaksen. Og det ønskjer vi jo! Vi treng ungdom og barnefamiliar på Nordøyane.

Nordøyane er også eit svært attraktivt og populært område for sykkelturistar. Det er ikkje lov å sykle i dei undersjøiske tunnelane. Å behalde hurtigbåt til Haramsøya vil gjere det mogleg for sykkelturistar å sykle på Haramsøya og Longva.