Fylkestinget har ansvar for driftsnivået i fylket, også når driftsnivået er for høgt.

Det førre fylkestinget vedtok Nordøyvegen sjølv om driftsnivået allereie var for høgt.

Derfor ligg skulda for dei økonomiske vanskane hos det førre fylkestinget. Det nyvalde fylkesting må rydde opp.

Nordøyvegen vil påføre fylkeskommunen auka utgifter dei komande 10–12 åra. I 2020 skal fylkeskommunen betale vel 1,5 milliard og i 2021 knappe 1,9 milliard kroner ifølgje framlegget til økonomiplan.

Før siste vedtak om Nordøyvegen vart gjort i det førre fylkestinget, var det godt kjent at fylkeskommunen hadde eit for høgt driftsnivå.

Behovet for vedlikehald og investeringar i skolebygg var også kjent for fylkestinget.

Det var i tillegg godt kjent at staten sine pengeoverføringar til fylkeskommunane til finansieringar av fylkesvegar og ferjer var lågare enn dei reelle kostnadane i vårt fylke.

Fylkeskommunen sine auka utgifter dei komande 10–12 åra knytt til Nordøyvegen, gjer at driftsnivået må ytterlegare ned. Nordøyvegen er ein vesentleg faktor knytt til dei driftsreduksjonane som no kjem i fylkeskommunen.

Men skulda for dette ligg hos det førre fylkestinget.

Det nyvalde fylkestinget har den utfordrande oppgåva å rydde opp. Det må dei klare utan å bortforklare kostnadane knytt til Nordøyvegen.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!