Sonen min hadde då nyleg fått oppgjer for dyr han hadde levert til Ringdal. For sau fekk han litt over fire kroner pr. kg. Kvar er logikken i dette når prisen på kjøtet stig med so store summar frå det som bonden får til det ligg i butikken.

Rett nok so letnar kjøtet litt når det blir tørka men det forklarer på ingen måte den enorme prisforskjellen frå bonde til butikk, og derfor lurer eg på kven som har mest arbeid med desse dyra frå dei blir fødde til dei blir slakta er det bonden, slakteriet eller butikken.

Eg veit ikkje kven som fastset prisane på kjøt men uansett her er det store skeivheiter ute og går.

So her har ikkje landbruksminister Jon Georg Dale mykje å skryte av, sjølv om han kjem frå eit småbruk med sauehald.