Vidarefører dei oppfatningar og fordomar om yrkesfag som ikkje er riktige? Både yrkesfagleg utdanning og mogelegheitene for jobb og karriere har truleg forandra seg mykje sidan den gong foreldra sjølve valde utdanningsveg.

Kan ein til dømes ta høgare utdanning med eit fag- eller sveinebrev? I ei undersøking gjennomført for Byggenæringens Landsforening (BNL) svarer berre rundt halvparten av dei spurde foreldra riktig: Som faglært er det fullt mogeleg å vidareutdanne seg på fagskule eller universitetet.

NHOs kompetansebarometer viser at bedriftene i Møre og Romsdal skrik etter rett arbeidskraft og er i ei vedvarande yrkesfagkrise. 66 prosent av bedriftene treng fleire folk med yrkesfagleg bakgrunn. Rekrutteringsbehovet er størst innan bygg- og anlegg, elektro- og datateknologi, industri- og teknologifag, og sal- og sørvisfag. Her er det størst mogelegheiter for å gå rett ut i fast jobb når fagbrevet er i boks.

Byggenæringa treng mange fleire faglærte, så poenget er ikkje at alle skal vidareutdanne seg etter å ha tatt eit fag- eller sveinebrev. Oppfatninga om at yrkesfag lukkar døra for vidare utdanning verkar å vere ein seigliva myte. Desse fordomane fører til at ungdom blir oppmoda til å velje studieførebuande i staden for yrkesfag, sjølv om dei verken har anlegg for, eller interesse av det. Grunngjevinga til foreldra er at då er alle mogelegheiter opne.

Byggenæringa er Noregs største fastlands- og distriktsnæring og mogelegheitene er mange over heile Noreg. Felles for dei som arbeider i denne næringa er at dei er med på å skape noko. Vil du bu der du har vakse opp er det lurt å sjekke kva kompetansebehov dei lokale bedriftene har.

I fjor søkte rekordmange jenter seg til bygg- og anleggsteknikk. Det er svært gledeleg. Det er viktig at også jentene er med å forme det fysiske miljøet vi har rundt oss.

Til deg som vurderer å velje yrkesfag; anten du ønskjer deg til byggenæringa eller til anna næring, vit at dersom om du vel yrkesfag, har du kompetanse som er høgt verdsett og godt løna. Og du er ettertrakta på jobbmarknaden. Det er mange yrke og utdanningsvegar å velje mellom. Gå for ei utdanning som blir etterspurd av arbeidslivet. Og om du synest det er vanskeleg å bestemme seg, snakk med rådgivaren på skulen, ein handverkar du kjenner, eller foreldra dine.