Ikkje alle har klart nettopp det – fleire har hatt den i magen heile tida. Med dei psykiske følgene dette gir. Og ja, det er frykta for å miste det ein har kjært som sit i magen. Og no kom det attende med full styrke, på ein fredag, rett framføre ei helg. Det var litt vanskeleg å ønske naboar god helg denne fredagen.

29. september vart planforslaget for Sula Gondol sendt til media og flotte bilete og video vart presentert. Nok ein gong får dei «råka» informasjon via media og ikkje frå Flakkgruppen (FG). Kva skjedde med møtet som FG lova å invitere dei «råka» til primo september for å legge fram planforslaget? Kvifor held FG fram med denne strategien med å gå til media før dialog med «råka» som lova, og som pålagt dei av Kommunestyret? Nei, dette er slett ikkje den gode dialogen vi har forventa. Endå ein gong opplever vi at den «gode dialogen» FG skal ha med dei «råka» blir borte. Skal dette få fortsette utan konsekvensar?

Eg les i sosiale medium at vi «råka» må snart ta til vitet og gå i «positiv dialog» med FG. Skal tru korleis vi skal gjere det? Skal vi henge på dei og mase? Er det ikkje FG som er pålagde å ta initiativet i denne saka? FG lovar, men held som sagt ikkje det dei lovar. Dessverre. Eg hadde ærleg tala venta meir av ein stor, profesjonell aktør som FG er.

Vidare les eg i sosiale medium at dei som er «råka» får kompensert med nytt hus både utvendig og innvendig, på ein ny stad då sjølvsagt. Dette er svært langt frå sanninga, og er både skadelege og triste utsegn. Om folk trur på dette kan eg forstå at dei blir villeia og dermed lettare ønsker gondolen velkomen. Ville du akseptert at eg banka på døra di og sa at du må flytte fordi eg vil ha ein installasjon over taket ditt, og eg tilbyr deg «kompensasjon» som er takst som var sett fleire år tidlegare? Rett nok ein takst før planane om gondolen var kjend. Det er dette som er røynda for fleire no. Personleg ser eg på eit slikt forslag som eit ran, ikkje ein kompensasjon.

No på hausten florerer det med bilete av dei flottaste solnedgangane i sosiale medium, mange frå solnedgangar i Breisundet. Eit kjært syn for svært, svært mange. Dette har vi gledd oss over i generasjonar her på Remane også. Å sjå sola gå ned i havet. Det er noko av det som gir hjartefred og glede, ja til og med takksemd! Takksemd for at vi er så heldige å bu ein slik stad der dette er utsikta vår. Om gondolen kjem vil til dømes dette bli øydelagt for oss. Då har vi ei 45 meter høg og stor mast rett framføre oss, og fleire kraftige kablar og førtitals gondolvogner som går konstant fram og tilbake. Til seint på kveld/natt. Det er det vi då får i augesynet.

Og ja, eg veit at flott utsikt ikkje er noko eg har rett på, men det er det heller ikkje å kome seg til ein fjelltopp i ei gondolvogn heller.

Framleis er vi vel der at ikkje alt kan kjøpast for pengar, eller?