Nokon roper på meir synleg politi i gatene, andre vil innføre strengare straff for dei som utfører dette. Atter andre sit på gjerdet og kommenterer utan å gjera noko som helst.

Kan hende vi heller må finne ut kva som er orsaka til dette? Dersom du er sjuk så ringer du legen og spør om han kan kome og hjelpe deg. Legen seier at han kjem når han vert ledig. Så kjem han og vil inn til deg, men du vil ikkje sleppe han inn fordi du ikkje stoler på at han er den rette. Er dette det som skjer i det Norske samfunnet i dag? Vi er ikkje villige å sleppe dei rette kreftene til for å rette opp det vonde som skjer. I dag vil dei som styrer kaste ut alt det som har med kristendom i landet vårt. Dersom du ikkje vil ha noko med Gud å gjera, kan du ikkje spørje om kvar Gud er når det vonde skjer. Då vert det som nemnt i teksta over om legen.

For den som berre mottar informasjon frå NRK og dei profane media så kan eg gi info om kva dei gjer for å redusere valden i Thailand. Misjonsorganisasjonen IBRA har starta eit prosjekt som heiter « The Way of Life». Dei har starta med å undervise fangar som set i fengsel om kva Bibelen seier om korleis du skal leve. Ifølge IBRA seier fengselsmyndigheitene at dei som vert kristne etter undervisninga bidrar til ei helt anna atmosfære i fengselet, og at nokre får også sleppe ut før enda soning fordi dei har endra oppførsel. No er det fleire fengselsdirektørar som tek kontakt med IBRA for å melde si interesse for dette opplegget her.

I vårt kjære Norge vil vi heller gå den andre vegen. Vi kastar ut alt som smaker av kristendom, startar alt med dei som går i barnehagen. Vi veit at du haustar det du sår. Så la dei som styrer landet vårt få fortsette slik dei gjer så kan vi ikkje klage på vald og brutalitet.

Du som er einig i dette, be for dei som styrer landet vårt at dei kjem på betre tankar.