Ivar Østrem, medlem i Indre Borgund kommunedelsutvalg skreiv ein artikkel med tittel «Skandalen Kvasneset» som sto på trykk i Sunnmørsposten 29.08.22. Artikkelen var velskriven, og han gav innleiingsvis uttrykk for fylgjande:

«Det bør heller ikke komme som en overraskelse at kloakkrenseanlegget på Kvasneset vil sprekke med flere hundre millioner og er uten økonomisk styring og kontroll. Det har heller ikke vært utredet andre alternativer, til tross for en rekke advarsler om kostnadssprekk på tilsvarende anlegg i fjell. Nå når Norconsult har vurdert at kostnaden for Kvasneset vil øke med 700 mill. utover det som politikere vedtok i forprosjektet, og kan mest trolig overstige dette. Da er det kanskje tid for å vurdere alternativ»

Vi har ikkje registrert at kommunane har kommentert opplysningane Ivar Østrem gir i artikkelen «Skandalen Kvasneset» som sto på trykk i Sunnmørsposten 29.08.22, og vi meiner opplysningane snarast bør kommenterast.

Dei to kommunane bør også gi informasjon til folket om det kanskje er slik at ein alt no veit at det ikkje berre er tale om auke med 700 mill. utover det som var opplysningar om kostnadar då forprosjektet vart godkjent av dei to kommunane, og då avtalen mellom kommunane vart gjort, men at ein kanskje no har kunnskap om at det er tale om enno større kostnadar.

Vi meiner at innbyggjarane i dei to kommunane har krav på å få oppdaterte opplysningar, samstundes som dei to kommunane også må orientere innbyggarane om det er råd og forsvarleg å investere i alternative løysingar, slik Ivar Østrem peikar på i førnemnde artikkel, og som gjer at kostnadsbiletet vert heilt annleis.

Vi er klar over at begge kommunane har utfordringar vedkomande utslepp som gjer at begge kommunen må nytte midlar til å betre utsleppssituasjonen, men det kostnadsbiletet som no vert presentert for etablering av «storanlegget» på Kvasneset gjer at evna dei to kommunane har, etter vårt syn, må kome sterkare fram i drøftingane sidan vi meiner at det kan vere gode alternativ som også tilsynsstyremaktene til dei to kommunane vil kunne kome til å ekspedere.